1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Tursti-nettet på Jøsneset er under stadig forbetring - De huskar kanskje den flotte artikkelen på nettsida TURANBEFALINGER om Herefjellet !! Flott reklame for Jøsnesheia.  Det var ei fantastisk skildring av turen Åsland - Norda Høgaste t/r. Men det blei kommentert at det var eit par stader merkinga var litt uklar. Vel - nå er dette retta opp. Jostein, Berit og Lene Hjorteland tok søndagsturen hit sist søndag - og nå er ruta på vestsida av Asheimstemmen  og vidare oppover mot Norda Høgaste friska opp og er lett å finne.

FaceBook


Arkivfoto: Olga Hjorteland og Richard Apeland ved ei tidlegare innsamling

Tradisjonen tro - fredag 16.september kl 17.00 - 18.00 ved Jøsneset Brannstasjon  blir det mulig å levere inn til Romania-traileren. Igjen er det Inger Apeland frå Suldal som er initiativtakar. Her kan du levere klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, stoff, strikke-og sysaker, leiker - ja, alt muleg ! Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 40 pr stk. Alt utstyr går direkte til barneheimprosjekt i Romania. Spørsmål/info: Inger Apeland, 95 10 54 24 / 52 79 94 14 STOR TAKK TIL ALLE !

FaceBook

......slik at ev Jøsneset og Jøsenfjorden blir del av Suldal kommune? Kan dette bli opp til "na Magnhild" å avgjere?  Les meir om dette i AFTENBLADET.

FaceBook

Foto: Strandbuen

Arthur H. Westersjø skal til Oslo den 1. september. Der skal han på hagefest i Dronningparken. Han er invitert i samband med feiringa av Hans Majestet Kong Harald og Dronning Sonjas 25 års jubileum.  Kronprinsen og Kronprinsessen vil også delta. Det blir stor fest der kongen og dronninga er vertskap for 1500 gjester frå inn og utland. Fylkesmannen i Rogaland har fått tildelt 50 plassar, der Arthur på 95 frå Jøsneset er ein av deismile. Hagefesten startar kl. 14.00  torsdag 1. september og er ferdig kl. 16.00. Før sjølve hagefesten er også gjestene frå Rogaland invitert til omvisning på Stortinget.  Då må josneset.no for første gong i historia kalle ut sin hoff-fotograf, så då reknar me med fyldig fotoreportasje frå festen i etterkantwink.  Då ønskjer me Arthur god tur til Slottet !!

 

FaceBook


Gågruppa er i sving igjen etter sommaren - KVAR TYSDAG kl 18.30 oppmøte v/ Brannstasjonen.  Turmål blir bestemt for kvar gong mellom dei som møter opp. Her er det plass til fleire !! VELKOMMEN frå gjengen som her tok første tur til benken på Brynå - koselig !!

FaceBook

Nok et treningstilbod dukkar nå opp på Jøsneset når Ida og Tania inviterer til YOGA i gymsalen onsdagar 1800-1900.

Dette er eit gratis tilbod som passar alle uavhengig av alder og form! Hvis du har ei treningsmatte er det fint om du har den med.

VELKOMMEN! smile

FaceBook
Facebook