Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Jøsneset Bygdaråd er eit upolitisk organ som jobbar for å fremje og ivareta allmenne interesser gjennom samarbeid innad i bygda, og med andre private og offentlege organ.

Bygdarådet består av fem medlemmar, som blir valde inn ved årsmøta.
Jøsneset Bygdaråd er opptekne av at ting skal bli betre for Jøsneset.

Det kan vere vegvedlikehald, ferjeruter, barnehage, bulyst, folkevekst, konkrete uttalar til planar og saker i kommunen osv osv. Bygdarådet prøver å tale på bygda sine vegne, og forsøker å sjå kva som er til beste for bygda.

Kvart år i april pleier me å arrangere ryddedag, der me ryddar langs vegane for at bygda skal vere fin til 17. mai. Me har og i samarbeid med Helselaget brukt å arrangere Jonsokfeiring for heile bygda i Skiftun-stranda.Dersom det er spesielle saker kallar me inne til allmøte, då blir alle i bygda invitert til å komme for å sei si meining. Bygdarådet har satt opp to oppslagstavler i bygda. Den eine er ved ferjekaien på Nesvik, og den andre er ved brannstasjonen ved Skiftun-krossen. Her kan ein følgje med på kva det er å bli med på. Det begynner å bli eit rikt tilbod med mange ulike tilstellingar ein kan vere med på, både på Jøsneset og elles i kommunen.  Ved oppslagstavlene vil det og til tider bli hengt opp anna relevant informasjon som kan vere nyttig å vite. 

Jøsneset Bygdaråd ønskjer at nytilflytterar til bygda skal føle seg velkomne og bli inkludert i samfunnet her. Alle nye får ein blom, og tilbod om dugnad. Denne dugnaden kan vere hjelp til å male eit hus, eller å rydde ei gammal løe. Dette er og ein fin måte å bli kjent med nokon, med felles arbeid.  Elles når det gjeld dugnad så er bygda vår blitt kjent for å stå på, og stå saman. Me håpar at dette er noko andre ser når dei kjem, for det er god plass til fleire sambygdingar.

Jøsneset Bygdaråd   pr mars 2017:

UNNI FOSSAA - leiar

RASIN TJELTVEIT ,
sekretær

MARIT WYLLER, kasserar

SVANHILD HJORTELAND ; ansvarleg for Trivselsstova

BRAHIM GBADA, innkjøp

varamedlemmer: JARLE LANGVIK og ØYVIND OALAND
Revisor: Oddvar Skiftun

Aktuelle brev og skriv:

2017

Årsmøtereferat2017

2016
Årsmøteinnkalling2015

Årsmelding2015

2015

Årsmøtereferat 03.03.2015

Årsplan Bygdarådet 2015

Svar til kommunen på KARTLEGGING GRENDAHUS

Årsmelding 2014

2014:

Styremøte 05mars2014

Årsmøtereferat 18.02.14


Årsmelding 2013

 

2013

28.03.2013: Brev til ordførar ang kommunesamanslåing

26.04.2013: Høringsuttale om nye hurtigbåtruter

02.06.2013: Brev til kommunestyrepolitikarar om omstillingsprosjekt

Møtereferat 2013:

Årsmøte

08.01.2013

13.03.2013

24.04.2013

Folkemøte om skulestruktur 29.05.2013

 

 

 

 

 

 

 


 

FaceBook
Facebook