NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG

Me er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt lokale helselag på Jøsneset. Me vil engasjere oss i vårt nærmiljø, og tek sikte på å skape trivsel og glede på mange område. Me er med på å skape møteplassar der sosial omgang for unge og eldre er hovudmålet! Flest mogleg i fysisk aktivitet er òg eit mål.

 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset helselag:

Leiar: Cesilie Wåland

Nestleiar: -

Kasserar: -

Sekretær: -

Styremedlem: -

Jarle Langvik, Ellinor Mæland, Eldbjørg Bjørnsen, Anne Lise Rosså (styret konstituerer seg ila mars 2017)

Varamedlemmer: Eli Fosstveit og Svanhild Hjorteland Gbada

 ÅRSMELDING 2014 og ÅRSMELDING 2015

 

Handlingsplan for vår 2013 finn du her

 

BARNETRIM

Anna kvar onsdag frå oktober til april. Ansvaret for trimmen går på rundgang blant foreldra. I år er det delt opp slik: For barnehage (og evt opp til 2. klasse dersom dei heller ynskjer å trene med dei små) kl. 18.00-18.30 og for skulen kl. 18.30-19.15.

  

HELSEBADING

Kvar måndag oktober til april. Kl 17:30-18:30 for småbarn/familie og kl. 18:30-19:30 for vaksne. Oppvarma basseng på Hjelmeland ungdomsskule. Pris kr 30 for vaksne og kr 20 for barn. Jøsneset helselag er med blant fleire lag i kommunen, som har ansvaret for helsebadinga. Det går på rundgang kven som organiserar ( 1 år om gongen) og alle lag stiller med vakter kvar sine gonger. Det er flott hvis folk kan melda seg som vakt til helselagetSmile Dette er eit flott tilbod, og vi kan ver glade for at vi har basseng i kommunen vår (det har f.eks ikkje Strand) og vi håpar fleire kan nytte seg av dette tilbodet.

 

ELDRETREFF

Anna kvar torsdag i Trivselståvå. Det vert servert middag. Her er det plass til fleire, det er berre til å bli med! Hugs påmelding til Olga Hjorteland på tlf 51751947 for å få middag! Sjå kalendar til høgre for datoar. Dei vil ete mat på Spa hotellet siste gong før jul.

 

TURPOSTAR 2013

To bøker blir tatt vekk: Røssenibben og Valafjell.

 

Det blir poengberekning, der dei som er over 100 poeng i løpet av heile 2013 er med i trekning om premie på årsmøtet.

 

Poenga vert rekna slik:

Brynå, Håvehammar og Nesdalsfjell = 3 poeng

Tausanibbå og Fosstemmen = 5 poeng

Gunlanuten og Norda Høgaste = 10 poeng.

 

Her vil me telle i bøkene og du treng ikkje levere turdagbok.

I tillegg vil vi ha barnebok på Håvehammar som i fjor, med eiga premie etter loddtrekning på årsmøte.

 

 

3-NUTSTUR OG HARDHAUS 2013

deltakarpremie 3.nutstur og hardhausen

Krus er premien for 1 gong ein går turen.

01. pinsedag kvart år vil det bli arrangert turdag saman med Ungdomslaget. Då skal ein gå Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell nærast mogleg ei idealtid for å vinne 3-nutsturen. "Hardhausen" er same tre toppane, men i tillegg går ein bortom Norda Høgaste på Herefjellet. Også denne har ei hemmeleg idealtid som ein skal treffe nærast mogleg for å vinne Hardhausen. Så set av 1.pinsedag og sørg for at du er i GOD FORM denne dagen!

Premien i 2011: Kniv premie

 

3 nut tur og Hardhausen vil frå 2014 premiersat slik:

1.gong - 5 gong - 10 gong osv.

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

har 47 medlemmer. Som medlem er du med å støttar eit mangfaldig arbeid innan;
• hjarte- og karsjukdommar
• eldre og demente
• born og familiar
• tuberkulose

Jøsneset Helselag har i dei seinare år jobba spesielt for å få folk til å kome seg ut å gå. Det vart saman med Bygdarådet tilrettelagt turpostar og laga turkartet som me har over Jøsneset. Sjå meir under menyen TURSTIAR.

Helselaget har ansvar for at stiane vert vedlikehaldne, og frå 2008 vart alle stiane ”adoptert” vekk for eit år om gongen. Det blir automatisk vidareført at du har ansvar for turstien, dersom ikkje du gir beskjed om noko anna. 

Helselaget var også ein viktig pådrivar, saman med andre lag i bygda, i arbeidet for at bygda skulle få Trivselstova, som sto ferdig i 2005.

Vidare så står Helselaget bak barnetrim i vinterhalvåret.

Det er damekveld den siste torsdagen i månaden frå september til april, der me av og til har eit tema. Vi drikk kaffi og pratar.
Helselaget er òg medarrangør av St. Hans-feiringa på Jøsneset. Me har og ein tradisjon med å gi alle medlem over 80 år ei blomsterhelsing til jul. Ei blomsterhelsing får òg alle som har fått barn.

Me har også dåpskjole til utleige. Kontaktperson her er Berit Torgersen Skiftun mob 971 12 474.

Helsebadinga er kvar måndag i vinterhalvåret. Ansvaret går på rundgang blant helse- og sanitetslaga i kommunen. Alle helselaga stiller kvart år med badevakter. Her er me så heldige på Jøsneset, at me har hatt frivillige som stiller opp svært mykje på dette!

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag har kjøpt hjartestartar til bygda, og den heng på veggen til brannstasjonen. Det har vore arrangert to førstehjelpskurs i forbindelse med innkjøp av hjartestartaren, men me vil og arrangere førstehjelpskurs annakvart år.


Viss du ikkje er medlem, men har lyst til å bli det etter å ha sett alle de kjekke aktivitetane me steller med, så ta kontakt med ein i styret. Eller send mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Som medlem får du medlemsbladet Aktuelt, med 4 utgåver i året. Medlemskontingent per år er kr. 350 for enkeltmedlem, kr 450,- for familiemedlemskap, ungdom kr 200,-.

Styret består i dag av: Berit Skiftun Torgersen, Anne Tjeltveit, Svanhild Hjorteland, Anne Auglend og Berit Skiftun Hjorteland.

Leiar: Berit Torgersen Skiftun (Tlf. 97112474 )
Nestleiar:
Anne Tjeltveit (Tlf. 90639799 )
Styremedlem: Berit Skiftun Hjortelan

 

Sekretær:
Anne Augelend (Tlf. 95211354 )
Kasserar:
Svanhild Elise Hjorteland (Tlf. 40439085 )

 

 

Nasjonalforeningen for folkehelsen:

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er knytt til ”Najonalforeningen for folkehelsen”. Dette er ein landsomfattande, humanitær medlemsorganisasjon som arbeidar for å fremje folkehelse gjennom forsking, informasjon, omsorg- og trivselstiltak.

”Nasjonalforeningen for folkehelsen” si målsetting er at færre skal bli ramma av alvorlig sjukdom og fleire skal få et godt liv med god helse. Difor arbeider me for å motvirke hjerte- og karsykdommer, demens og tuberkulose og for at dei som blir ramma skal kunne leve eit lengre og betre liv. Me arbeider òg for dei eldre si helse og trivsel og for eit godt nærmiljø for born og familiar.

”Nasjonalforeningen for folkehelsen” er ein frivilleg, humanitær organisasjon med 650 helselag og demensforeiningar over heile landet. Organisasjonen blei stifta i 1910. Me er avhengig av innsamla midlar frå medlemmer og givarar for å drive vårt arbeid.

Meir info på

www.nasjonalforeningen.no og www.helsenytt.no


 

 

 



ARKIV SAKER HELSELAGET:

Siste strikkekveld for våren 08 var 27.03.08. Totalt var vi 18 damer. Då var Bitte Giæver her og prata om sitt opphald i Libya i 2 år. Ho følgde mannen som jobba for tidlegare ABB, han skulle få i stand kontraktar for utvinning av olje i landet. Dei leigde bustad privat og kom difor i kontakt med mange frå lokalbefolkninga. Det ho fortalte om korleis det er å leve under dette regimet var svært interessant. Særleg kvinnene sitt liv, der dei var prisgitt mannen sin når det gjaldt å få kome ut av hus og heim, dei vart køyrde ut berre til visse tider, og fekk elles ikkje lov å gå ut. Det var få kvinner som arbeidde. Bitte viste også bilete, men hadde få bilete med folk på då det ikkje var lov. Ho fekk berre lov å ta bilete av unge jenter og eldre damer. Kvinnene går også svært tildekka i Libya. Bitte hadde med ein drakt ho hadde fått med seg då ho skulle dra heim att. Den var svart og heildekkande, med sjal til. Men i lukka lag, når mennene var dratt, då åpna kvinnene opp draktane og synte fargerike kjolar under. Frivillig arbeid eksisterte berre så vidt i det skjulte. Det vart oppfatta som ei kritikk mot at regimet ikkje gjorde jobben sin. Gadafi styrer Libya på ein spesiell måte og blant anna konfiskerte han både hus og bankkonti når han overtok makta. Det som er spesielt også er at dei subsidierer det meste, slik at løna er lik anten du er lege eller resepsjonist. Bitte fortalte at dei budde i Tripoli, hovudstaden. Dei måtte betale med kontantar over alt, og dei 4 minibankane i byen var ofte ute av drift. Ho opplevde då at ho fekk låne pengar fleire gonger av dei som jobba i butikken eller banken. Det syns ho var spesielt i ein så stor by, og ho tenkte på at ho ikkje hadde tenkt tanken på å låne pengar til sine nye landsmenn i Noreg. Ein spanande kveld, takk til Bitte for det!

TOPPTURKONKURRANSE 2008: Dei som har skrive namnet sitt i alle 8 bøkene innan 2008, er med i trekninga av ein liten premie på neste årsmøte. Dei som har vore på alle tre toppane: Tausanibbå, Gunlanuten og Røssenibbå er med i trekninga av ein finare "Topptur-premie". Lever inn turbok med noterte datoar for når du har vore på alle stadene til eit styremedlem. Turboka og deltaking i konkurransen kostar kr. 50,-. Turboka med laminert kart fås kjøpt på Naustet. Det er enda tid til å vere med i konkurransen!

TOPPTURKONKURRANSE 2009:

Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009.

Det har jamnleg kome inn ønske til styret om å premiere dei som går mest på ulike turpostar, slik det var før. Så me vil i år prøve å gå tilbake til å premiere den som har gått oftast på turpostane i låglandet. Dvs Brynå, Høgafjell, Nesdalsfjell, Fosstemmen og Håvehammar. Her vil me telle i bøkene og dei treng ikkje levere turdagbok.

I tillegg vil vi ha barnebok på Håvehammar som i fjor, med eiga premie etter loddtrekning på årsmøte.

FaceBook
Facebook