Turbøker:

Vi har 7 turbøker som det går an å skrive namnet sitt i på ulike turpostar:

turpostar

1. Gunlanuten

2. Norda Høgaste (Herefjellet)

3. Nesdalsfjell

4. Fosstemmen

5. Håvehammar (også eiga barnebok her)

6. Brynå

7. Tausanibbå (Herefjellet)

 

Kontaktperson:

Dersom nokon oppdagar manglar eller feil ved ein tursti, t.d. skilt som manglar, tre som har falt ned e.l. så kan de ta kontakt med ansvarleg for turstiane v/Jøsneset helselag.

 Adopsjon av turstiane:

Per i dag er ansvaret for alle turpostane våre "adoptert" vekk til ulike personar. Desse går kanskje oftare denne turen enn andre, og held eit særleg auge med "sin" tursti. Det er for å sikre at turstiane våre er i god stand. Dersom dei finn manglar, kan dei gi beskjed til helselaget for å få desse utbetra, eller dei kan gjere det sjølv. Små manglar (enkeltgreiner veks ut i stien, merkepinnar dett ned el.l) kan dei rette opp att sjølv. Dersom større arbeid må gjerast, t.d. at heile stien må ryddast skikkeleg att for vegetasjon, så vil helselaget arrangere ein dugnad med fleire personar som er med og gjer jobben. Vi må huske å rydde brei sti slik at ikkje greinene heng over stien når dei er våte eller full av snø. Helselaget skaffar maling, skilt og merkepinnar ved behov.

Vi håper alle som brukar turstiane tek eit ansvar for å rette på skilt som bles ned, henge opp att merkepinnar o.a. "småplukk" slik at turstiane er i orden.

Facebook