BUHAGEN

I Skiftu-grenda finn me gardsutsalet til BUHAGEN. Dette er to gardsbruk som driv utsal i lag; Silje Sværen/Øyvind Oaland og Jostein og Berit Hjorteland.Villsauer

Her kan du få kjøpt produkt av villsau (pinnekjøt, skinn, lammelår osv), produkt av jersey-kalv (kjøttdeig, kjøt, skinn), eple og eplesaft. Produktlista er årstidsavhenging. Sjå meir om verksemda og om produkta på eiga heimeside http://www.buhagen-kultur.no/

 

MIKAL LAKS
Mikal Laks sine lokaler for produksjon/salg av røykelaks og gravlaks ligg på Jøsneset, ved bygdevegen ca 1,5 km frå Nesvik ferjekai. Dette er ei familieeigd verksemd, som sel laks til store og små butikkar og privatkundar i inn og utland.  Eigar Mikal Viga blei tildelt matprisen for 2006 for hans innsats for utvikling av høykvalitetsprodukter for både det lokale, nasjonale og internasjonale markedet. Les meir om verksemda, produkter, prisar - og ikkje minst finn mange gode lakseoppskrifter på deira eigne nettsider www.kingmikal.no.

images/laks.jpg

 

NAUSTENauste
På Nesvik ferjekai har me Nauste – det lokale namnet på kiosken. Her får du kjøpt varmmat og kioskvarer, og Nauste har òg kafèbord så dette er ein kjekk møteplass både for bygdefolk og for dei reisande.  Dagleg leiar er Cesilie Wåland. Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.,
Åpningstider frå  er:  Kvar dag kl 11 - 19.00

KNUTSVIK FJORDFERIE

Paula og Knut Foss driv hytteutleige i Knutsvik. Sjå internettside: www.knutsvikfjordferie.com


ME TRENG MEIR STOFF TIL NÆRINGSLIV-SIDA

Sjølv om mange pendlar ut av bygda på arbeid, så er det òg mange som driv som sjølvstendig næringsdrivande på Jøsneset .

Det er t.d. verksemder innan turisme, fiskemottak, elektro, reinhald, handel, vidareforedling av lakseprodukt, blome- og grønsakgartneri.

Det er òg fleire bønder som driv med salg og vidareforedling av sine produkt, t.d. frukt, honning, te, såper, eplesaft, lamme-og kalveskinn, pels, kjøt, tomater/agurker, sommarblomar med meir.

På denne nettsida kan alle lokale næringsdrivande på Jøsneset få profilere si verksemd. Me oppmodar fleire lokale produsentar og sjølvstendig næringsdrivande i bygda til å sende inn stoff om seg og sitt produkt. 

Er du interessert? Ta kontakt med ein av oss i redaksjonen, sjå under KONTAKT OSS.

Facebook