Nytt frå Strandbuen
- Beruset mann gikk på høyt tak – 100 bilister stoppet i UP-kontroll
- Glede over at stadig flere tar bussen – men en reisemåte i Ryfylke har stor nedgang
- Frida elskar å vera i rampelyset – fekk ei uventa utfordring før premieren
- Første framsyning med ny lærar – sjå alle bilda frå generalprøva
- Mange alvorlig skadet på elsparkesykkel de siste tre årene: – Jeg venter på å se alvorlige ulykker med tenåringer
Meld deg på palmepub
Pub på Grendahuset lørdag 23. mars, send ei melding til 95062607 for å melda deg på!
Glede for gull !
Glade og stolte kan de vere både Elodie og Jon på Eiane Gard ! Dei drog inn nye edle prisar for to av sine nylanserte eplesider:
Det blei GULL på 2D "Norges beste drikke 2024 " og bronse på Blom - begge nye villgjæra natursider frå Eiane !!
Me er mektig imponerte - gratulerar til Eiane gard nok ein gong !
Kortreist matfestival
Laurdag 16. mars blir Kortreist Matfestival, som er ein form for Gladmatfestival som ikkje skjer i byen, men som skjer i heile Mat-Rogaland frå Egersund i sør til Suldal i nord. Her er det fokus på lokalprodusert mat og besøk på gardsutsalg.
Her finn du liste over alle lokalmatleverandørane i Hjelmeland du kan besøke. Her på nordsida er både Buhagen og Eiane Gard deltakarar.
BUHAGEN
Velkommen til triveleg handel i Krambuå på Skiftun! Her får du Buhagen sine produkt – eplesider, eplemost, fersk frukt, kalvekjøtt, kjøtt og spekemat av villsau samt villsauskinn. Varene som selges er produsert og foredla lokalt på gården, slik at publikum kan være sikre på hvor maten kommer fra. Under Kortreist har de sider og eplemost fra egen gård og villsauskinn fra egne sauer. I tillegg har de storfe – og sauekjøtt fra nabogarden og røykelaks fra Mikals laks.
EIANE GARD
Eiane Gard er prisbelønt produsent av naturlig sider, eplemost og honning. Til Kortreist satser driverne Elodie og Jon på å lansere flere nye siderprodukter!
Vil du bli med og spela fotball?
Alle som har lyst er velkomne til å spela uhøgtideleg fotball i ballbingen, onsdagar klokka 19!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med "lagleiar" Tor Magne Skiftun, tlf 99577155
Påskebasar Jøsneset bedehus
Onsdag 27. mars kl 18.30 på Jøsneset Bedehus
Andakt ved Ådne Skiftun
Matsal i kjellaren. Utlodning med mange fine gevinstar
Du kan allereie nå kjøpa lodd på VIPPS: 10 kr pr lodd Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr: 612108
Deretter må du senda ein SMS med kven lodda skal stå på, og evt. om nokon av lodda skal vera i barneboka, til Ellen Mari Fosså sitt mobil nr: 92 46 36 75
Me har alt fått inn mange gevinstar, men tek gjerne imot fleire.
Vel møtt til alle!
Ny jøsnesbu
Det er blitt såpass sjelden kost med nye jøsnesbuar at Bygdarådet gjorde litt ekstra stas på den yngste innbyggaren
Johan Fosså og Tone Tårland fekk ei fin, lita jøsnesjente som framover kan nyta utsikten over Solbygda og fjorden. Leiar i Bygdarådet ønskte henne velkommen med blomar, og me håper å dela ut fleire slike bukettar framover!
Ny mur ved ballbingen
Uteområdet ved ballbingen har fått ein ny natursteinsmur lødd av Leiv Nesvik, med god hjelp frå fleire frivillige i bygda. Resultatet er fantastisk flott!