Siste nytt
- Lokal fiskar i spissen for fiskeriaksjon
- Drøymer du om å bu landleg?
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
Turpostane er opne !
Midt i den utfordrande korona-tida: Gløym ikkje at me bur på ein fantastisk stad og at naturen ligg der tilgjengeleg for oss som ein open, trygg arena ! Ta turen ut og la hodet få ein liten pause frå all informasjon ! Naturen kurerer stress :-) Treng du turtips? Her er TURKART FOR JØSNESET
GYMBYGG OG TRENINGSROM STENGT INNTIL VIDARE
På grunn av korona-situasjonen har Bygdarådet kome fram til at det rette er å stenge gymbygget for både organisert og ikkje-organisert trening inntil vidare ! Treningsrommet kan altså heller ikkje nyttast. Avgjerda kjem som følgje av oppmodingar om nasjonal dugnad for å bekjempe smittespreiing. Dette gjeld inntil vidare og til det foreligg anna informasjon frå nasjonalt hald. Og husk: Det beste treningsrommet har me utandørs !!
AVLYST - årsmøtet i Jøsneset Helselag
På grunn av korona-situasjonen og dei råd me får mellom anna frå Nasjonalforeningen for folkehelsen , er årsmøtet i Jøsneset Helselag 16.mars avlyst. Me avventar til me får ny informasjon om korleis årsmøtet kan avhaldast. Me oppmodar alle om delta i den nasjonale dugnaden for å bryte smittekjeda nå, og følgje råda som blir gitt nasjonalt - og hald hodet kaldt og hjarta varmt !
HARDHAUSEN 2020
Me på Jøsneset inviterar til HARDHAUSEN for 12.gong - Som vanleg skjer dette 1.pinsedag, dvs søndag 31.mai 2020. Dette er blitt ein flott tradisjon, og folk har vandra i fjellheimen vår i .....
Årsmøtet
Årsmøtet i Bygdarådet var 18. februar.
Her finn de REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I BYGDARÅDET
og her finn de ÅRSMELDING 2019 BYGDARÅDET
Vinterferie og torsdagstrim !!
Er du heime på vinterferie?.....eller sit på hytta og tvinnar tomlar og lurer på kva du skal finne på? Bli med på TORSDAGSTRIMMEN då vel !! Treninga skjer i gymsalen/treningsrommet kvar torsdag 19.30, og er gratis og open for alle som har lyst ...fastbuande, fritidsbuande, besøkande gjester, naboar, unge og gamle.....ja, kom og bli med !! Opplegget går ut på oppvarmingsøkt, deretter styrketrening og kondisjonstrening + stekk og tøyeøvingar til slutt. Me bruker både gymsal og treningsrom med diverse apparat. Om du har eigne øvingar du har lyst å gjere samtidig som andre trener på andre ting, så går det òg fint an !
Me minner òg om at du kan teikne medlemskap på Jøsneset treningssenter, og då få tilgang til kodelåsen slik at du kan gå å trene i gymsal/treningsrom på eigen hand når du måtte ønskje. Her er framgangsmåten viss du vil bli medlem, og her er husreglane ! Alle er velkomne !
Ryfastbok som takk for bidraget !
Hjelmeland kommune sender ut til takk til dei som bidrog med januar2020-arrangementer; eit "stunt" for å vise fram det Hjelmeland har å by på i samband med "gratis-Ryfast-periode". På Jøsneset var det arrangementer både på Mikals Laks saman med Buhagen, open gard på Foss, samarbeid med Bygdarådet - og fellestur til Fosstemmen ved Helselaget
Her er takkekortet Jøsneset Helselag mottok frå kommunen, saman med boka "RYFAST" . Boka blir å finne på biblioteket på gamleskulen slik at alle kan få lese seg opp på Ryfast-fakta