Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Nytt frå Aftenbladet
Påskeharen har vore på besøk !!
Påskeharen har vore på besøk i bygda !! Ta deg ein tur ut og kikk - sjå om du finn sporet ! Send oss gjerne eit foto på 97007636 når du finn det
Ny bålpanne
Jøsneset Helselag har kjøpt inn ny bålpanne til gapahuken ved Fosstemmen - God påske og god tur !!
Klar for fleire stadnamnskilt ?
Det er laga ferdig ein del fleire stadnamn-skilt, som er klare til utsetjing i terrenget. Det passar jo bra nå på våren! Kjenner du til kor desse skilta skal vere, og har du lyst å setje de ut ? Supert ! De ligg klar på sløydsalen. Ta kontakt med Svanhild 97 00 76 36 om du vil ta turen ut med de !!
Skrot etter vinterstormane !
Frå Kåre Nesvik har me fått desse bildene og denne meldinga: " Eg tar meg ein strandtur og rydder litt av og til. Gir mange bonusar: god mosjon ! balansetrening ! bøy og tøy ! frisk luft ! og ikkje minst godt for miljøet ! Kanskje andre òg kan ta ein tur av og til? Fint å ta det på jabnå. Det er nok å ta av, spesielt etter stormane! "
Flott idè frå Kåre, så herved er tipset vidareformidla ! Og samstundes så opplyser Hold Norge Rent at på at pga koronasituasjonen så er alle FELLES organiserte strandryddingdugnader for våren avlyst, og utsatt til hausten. Men det er fint om folk går kvar for seg, og her er eit par råd ......
Mista brillene dine?
Elsa Nesvik Altamirano sendte oss dette bildet og denne meldinga: "Sender bilde av eit par solbriller som blei funne på tursti mellom Knutsvik og Høgafjellet " . Så ja, om det er du som har mista brillene, så ring til Elsa 951 56 137
Jøsneset får vårpussen
Du stussa kanskje om du såg at velkomstskiltet til Jøsneset er borte vekk ?? ....og trudde "Jøsneset" var "nede for telling" ? Å-nei-da !
Jøsneset er kun innomhus i ein liten oppgraderings-karantene
Skiltet var stygt og trenger virkeleg ein orntlig vårpuss etter alle desse år ute i rusk og uvær !!
Reparerte turmøbler
Bord og benker som står ute på turpostane får hard medfart av alt styggeværet de blir utsett for, og fleire delar av både ryggstøtter og bordplater har blitt øydelagd. I helga har nevenyttige turgåerar utstyrt med hammar og drill har ordna opp både her på Håvehammar og på Brynå