Siste nytt
- ÅRSMØTER 11. MARS
- Årsmøte Jøsneset Helselag 2021
- Ny melding frå Statens Vegvesen - ferje og hurtigbåt
- Meldingar vedr ferjedrift Nesvik
- Krambuå på Skiftun gjenopna etter 62 år
- Laurdag 13. februar opnar Krambua igjen
- Endringar på ferjekaien
- ÅRSMØTE BYGDARÅD OG BEDEHUS
- Innstilte ferjeavgangar natt til fredag 29.januar
- Lokal fiskar i spissen for fiskeriaksjon
SOMMARBASAR MED CORONAVRI
På grunn av corona blei påskebasaren på bedehuset dette året avlyst. Som kjent for dei fleste, er dette hovudinntekta vår, og inntekta går til drift av huset som bygda eig. Vi prøver no ein ny vri, og vil ha sommarbasar med coronavri. No kan du bli den heldige vinnar av bl.a.ein sykkel, billettar til sightseeing på Jøsenfjorden med Helgøy Skyssbåt, sommarblomar, elektrisk steikjepanne, sekkar, ein kartong med 20x1/2l eplemost, vaffeljern, krokket m.m.. Ønskjer du å kjøpe lodd kan det gjerast på fleire måtar:
Nydeleg tradisjonell jonsokfeiring - Skiftunstranda
Strålande sommarvær, glovarm grill, flott bål, ivrige krabbefangerar, spente fiskerar, god mat , god badetemperatur - 31 stk benka seg til i Skiftustranda i finfin koronaavstand ! Koseleg, sosialt Jonsok-treff !
Les meir: Nydeleg tradisjonell jonsokfeiring - Skiftunstranda
TRENINGSROMMET ER OPE IGJEN !
Jippi - etter ein lang korona-pause har òg me her på Jøsneset fått lov å opne treningsrommet igjen Rommet er ope for alle som betaler medlemsavgift og som er friske/symptomfrie. Kun inngang via garderobedør med kodelås ! Her er meir INFO OG TRENINGSREGLAR.
JONSOKFEIRING I SKIFTUSTRANDA
Tradisjonen tro - med litt koronavri - blir det felles jonskofeiring - les meir på PLAKATEN
Høyring - Utvida produksjon på Fosså-lokaliteten.
Bygdarådet melder at de har fått søknad om utvida produksjonsvolum av laks på lokaliteten på Fosså på høyring. Bygdarådet vil sende ein uttale, og informerer om at dette er ei open høyring som kven som vil kan sende uttale til på eigen hand. De kan òg ta kontakt med Bygdarådet ift kva dei har gjort/meint tidlegare ift lokaliteten. Høyringsfristen er 21.juni. Her ligg meir informasjon og søknadsdokumenter.
Jøsneset bygdaråd, v/Hanne Tjeltveit Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.