Folk bur spreidd på Jøsneset, og det er kun eitt regulert bustadfelt. Dette ligg i Nesvik. Her er det bygd eitt hus, så her er plass til fleire. Feltet er i privat eige. Dette feltet ligg sentralt i forhold til RV 13, ferje- og hurtigbåtkai, og det er kommunalt vatn og avlaup i området.
Men det er òg mange moglegheiter til bustadbygging andre stader i bygda. I kommuneplanens arealdel er det lagt ut tre store område der spreidd bustadbygging er tillate. I desse områda vil du garantert finne fine, lune og attraktive utsiktstomter.

Desse områda går fram av tabellen nedanfor òg er vist i kartutsnitt.

Markering på kart
Område
Tal einingar
SB 12 jf kart Fosså - Nesvik Inntil 4 hus
SB 13 jf kart Skiftun – Knutsvik - Asheim Inntil 4 hus
SB 24 jf kart Nesvik Inntil 2 hus


Her kan ein byggje hus utan å lage reguleringsplan. Det er visse vilkår knytt til bygging i desse områda, som m.a. går på plassering i forhold til dyrka mark samt avstand frå landbruksbygg, gardstun, kulturminne, bekker, sjø og frå offentlege vegar. Men områda er store, så høvelege tomter er det nok av. Områda er i privat eige, og ein må ta kontakt med grunneigar om ein ønskjer å byggje i desse områda. Meir informasjon om eigarforhold mm kan ein få ved å vende seg til Hjelmeland kommune avdeling Bygdeutvikling, tlf 51 75 70 00.

Me på Jøsneset blir svært glade om nokon har lyst å bygge seg hus, og slå seg ned i bygda saman med oss. Ta gjerne kontakt med Bygdarådet òg, så får du masse informasjon om bygda her.

Facebook