Siste nytt
Årsmøte Jøsneset Helselag
Årsmøte Tysdag 7.mars kl 19:00 i trivselstova.
Frist for å levere saker til styret er 22.februar.
Gåver til basaren mottas med takk.
Vel møtt medlemmer og ikkje medlemmer.
Stort engasjement om lokale stadnamn
Godt frammøte og stort engasjement på det nye stadnamntreffet i Trivselstova denne veka. Folk frå ulike deler av bygda møtte fram, og me tok "ei lita reis" bygda rundt på det digitale kartet på flatskjermen - og gjekk gjennom dei namna som er samla inn. Litt drøfting om skrivemåtar og ulike tolkingar av namn og kor dei faktisk høyrer heime. Vel 600 namn er samla inn hittil. Me har hatt ein lang pause, men ønskjer å kome vidare i prosjektet. Difor var samlinga nyttig og konstruktiv. Me vil leggje ut kartutsnitt her på nettisda etterkvart; så folk kan sjekke gjennom på skjerm eller skrive ut og sjekke karta heime. Dersom nokon treng utsnitt frå ein bestemt gard/område på papir, så ta kontakt med Ingeborg 92850297 eller Svanhild - 97007636 . Så følg med og ny info kjem her på nettsida !
Jøsneset skule gjenoppsto
I NRK sin Klassequiz blei det 8 av 12 poeng til laget frå Hjelmeland som besto av 10. klassingane Ida, Tania og Kristof. Det holdt dessverre ikkje til finaleplass, men ein svært hederleg innsats likevel!
Dei to Jøsnes-jentene gjorde seg såpass bemerka at NRK kalla dei tre " laget frå Jøsneset skule"
https://www.nrk.no/rogaland/vi-karer-fylkets-smarteste-tiendeklassinger-1.13312490
Jøsnes-jenter i Klassequizen
10.-klassingar frå heile landet kjempar i desse dagar om å representera fylket sitt i NRK sin Klassequiz. Dei 3 beste elevane frå den lokale quizen på Hjelmeland ungdomsskule, Ida, Kamil og Tania, skal i elden i NRK lokalen ca klokka 14:20 i morgon (mandag). Sterkt at 2 av 3 er frå Jøsneset!
Me ønsker dei lykke til
Damekveld på onsdag 25/01/17
ONSDAG 25/01/17 kl 19:30 i Trivselstova
Helselaget er klare for første Damekveld for 2017. Her blir det drøs og latter over ein kopp kaffi og kanskje du også har med deg strikketøyet. Me gler oss til ein kjekk kveld med mykje gode samtalar .
VEL MØTT
Helsebading vår 2017
MÅNDAG 09/01/17 startar FAMILE OG HELSEBADINGA OPP ATT.
17:30-18:30 FAMILIEBADING 0-6år (barnehagealder)
18:30-19:30 HELSEBADING
Stad: svømmebassenget i underetasjen til Hjelmeland Ungdomskule
PS: DET ER EIGA BADING FOR BORN I SKULEALDER.
Rådgjevande folkerøysting om kommunestruktur
Tysdag 24 januar kan alle f.o.m 16 år gå til stemmeurnene for å ta stilling til ev kommunesamanslåing med Strand og Forsand.
På Jøsneset er stemmelokalet på Jøsneset skule - gamlebygget mellom kl 14 - 18.30
Meir info på Hjelmeland kommune si nettside.
Mei info og debatt på : Folkemøte på Hjelmeland samfunnshus 10 januar 2017 kl 19.30