Nytt frå Strandbuen
- Stillehavsøstersen finnes flere steder i Ryfylke – men søkelyset er på en annen uønsket art
- Kom seg unna da båten tok fyr
- Ommund gleder seg til en travel sommer: – Det er en veldig kjekk arbeidsplass
- Mattilsynet: – Ikke spis!
- Denne gikk for over 6 millioner kroner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendom
Siste nytt
17.MAI - JØSNESET - 2017
Kl. 11.30 Tog frå Skiftunkaien til skulen - (NB ny tid ift tidlegare publisert)
12.00 - ca 15.00 Samling i gymsalen på skulen
Tale for dagen ved Morten Hetland
Matsal - Diverse aktivitetar - Avslutning med premieutdeling
Kl 18.00 den 16.mai er det blinkskyting ute på "gamle skytebanen" v/ Einerhaugane , Skiftun - parkering v/bedehuset
Velkommen frå 17-maikomiteen !
Pyntar til 17.mai
Sidan delar av grøntrabatten rundt Bygdarådet si oppslagstavle hadde blitt luka på ein tidlegare ryddedugnad, var det på tide å få plante i noko nytt ! Passa godt å få det litt finare der til 17.mai. Marit i Bygdarådet hadde handla inn sommarblomar frå Randøy, medan Svanhild spedde på med diverse stauder frå eigen hage. Lørdag blei det luka vidare og planta i rundt oppslagstavla. Silje er ein travel vår-bonde som vil ta seg av plenslåtten ved p-plassen.
Ryddedagen gjennomført
Stor innsats for å få det finare til 17.mai !! Årets ryddedag blei gjennomført 10.mai - litt uheldige med regnbygene - alle blei kliss klass våte. Men innsatsen var bra og folk stilde opp med traktor, motorsager, sakser, sopekostar, hakker og river. Og som alltid blei alle vegane i bygda saumforne etter søppel. Så nå blir det fint både her og der
Hardhausen 1.pinsedag - 4.juni !
Vårens vakraste eventyr nærmar seg - set av datoen 4.juni (1.pinsedag) - Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset.
ARR: Nasjonalforeningen for folkehelsen JØSNESET HELSELAG og JØSNESET UNGDOMSLAG
HJARTEMARS TORSDAG 11.MAI kl 18.00
Då er det tid for HJARTEMARSJ igjen - og turen går rundt Nullen - med start og slutt i Trivselstova. Det blir QUIZZ undervegs og etterpå servering av kaffe/te/saft og lappar. Dette er eit realt lågterskeltilbod, så her kan alle trygt bli med uavhenging av alder og fysisk form . Kom å bli med på dette kjekke arrangementet.
Ledig jobb på Nauste !
Cesilie på Nauste på Nesvik melder følgjande:
"Vi på Nauste treng meir extrahjelp i helger,ferier og kvelder. Så viss du liker å yte salg/service og stå på "bånn gass" i perioder(for det kan vera ganske hektisk med desse "titte" ferjeavgangane😰🌭😓😂☀️🍔,) og mye folk som kjem innom. Så ta kontakt. Jobben består ellers i orden/renhold/salg/service/varepåfylling/matlaging+++ det som fyller med i ein storkiosk som oss. Så har du tid og lyst... ta kontakt me meg Cesilie👍😀 .....enten via mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms 99101365
Lyst å bli med på eit snekkeroppdrag ?
På gymbygget er det ein lekkasje i taket, og det skal skiftast ein del utvendig kledning. JØSNESET BYGDARÅD har fått materialer frå kommunen, men sjølve arbeidet må utførast på dugnad, sidan bygda nå skal drifte bygget sjøl. Bygdarådet ønskjer kontakt med nevenyttige, frivillige som har lyst å bli med på denne jobben ! Ein satsar på at arbeidet skal utførast etter 17.mai ein gong. Meir info følgjer. Men dersom du har lyst og høve å bli med, kan du allereie nå melde ifrå Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ved Unni Fossaa eller Rasin Tjeltveit.