Sidan delar av grøntrabatten rundt Bygdarådet si oppslagstavle hadde blitt luka på ein tidlegare ryddedugnad, var det på tide å få plante i noko nytt ! Passa godt å få det litt finare der til 17.mai. Marit i Bygdarådet hadde handla inn sommarblomar frå Randøy, medan Svanhild spedde på med diverse stauder frå eigen hage. Lørdag blei det luka vidare og planta i rundt oppslagstavla. Silje er ein travel vår-bonde som vil ta seg av plenslåtten ved p-plassen.
Viss plantene får etablert seg og stelt litt framover, så vil det blomstre rundt oppslagstavla både vår, sommar og haust - og faktisk òg nesten vinterstid (for det blei òg planta ei julerose, og som kjendt blomstrar dei veldig tidleg - gjerne i februar). Her håpar me både sverdliljene, bronseblada, dagliljene, montebretiane , storkenebbane, løytnantshjertene og nellikane vil like seg o blomstre opp til ulike tider. Men først av alt er det sommarblomstene i rødt, kvitt og blått som vil friske opp !
Det blei òg slått mellom buskane i den forferdelig stygge, ruskete buskrabatten oppover langs skulebakken - dette som eit "akuttiltak" nå før nasjonaldagen Det blei òg slått i rabatt på skuleplassen og bak branngarasjen. Den bratte grasbakken vil òg bli slått før 17. mai. Alt på dugnad ! Det er framleis mykje me kan gjere finare rundt skulebygga, så har du lyst å bli med, er det bare å kontakte Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Sidan Marit hadde kjøpt inn sommarblomar til velkomsttavla vår, blei desse òg planta og hengt opp i dag . KOM MAI DU SKJØNNE MILDE !! HIPP HIPP !!