Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Damekveld februar 2017
Onsdag 22/02/17 kl 19:30 er det damekveld i trivselstova.
Kom og bli med på ein uhøgtidleg sosial kveld saman med andre, spreke og kjekke damer.
Me ventar på nettopp deg.
KART MED LOKALE STADNAMN FRÅ JØSNESET
Nedanfor finn de arbeidskarta som hittil er klar med innsamla stadnamn. Karta blir lagt ut for at folk kan sjå gjennom det og eventuelt supplere med fleire namn. De kan zoome inn på karta slik at de ser namna tydelgare, og de kan printast ut for ev korrigeringar. Me er ikkje ferdige med alle kart; td Åsland er det litt meir å legge ut. Det vil òg bli lagt ut fleire kart her på nettsida etterkvart td frå heia og frå Bastlid, Eiane,så følg med. Dersom de ønskjer kartutsnitt frå andre område enn her, ta kontakt med Svanhild 97007636 eller Ingeborg 928 50 297. Me har lagt namna inn slik me har fått de inn, og der de var plassert av innsendaren. Det kan vere ulike tolkingar av både skrivemåte og plassering. Me tek gjerne imot fleire namn og korrigeringar. Me tek sikte på eit nytt treff seinare i vår.
FOSS
SKIFTUN-FOSSÅ
KNUTSVIK
NESVIK
SKIFTUN-FOSSÅ 1_5000
Fotoet ovanfor er tatt frå Farshammaren ovanfor Foss. Det er berre eit døme, og det kan hende det manglar nokre namn - men viser at det er ei rik kjelde med namn der ute i landskapet !
Fotoet under er tatt i motsatt retning, dvs òg over Foss mot Farshammaren - eller er det Fareshammaren ? Frå "å fara" ? Dette foto har me fått frå Jan Birger Foss.
Dette er noko alle kan gjere - skrive inn namn på dykkar gard/landskap/grend - slik at det blir bevart for framtida.
Send gjerne nye namn inn til oss. Kan sendast inn til Svanhild på epostadressa Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Torsdag er trimdag !
Her er døra høg og vid og brei - og tilbodet er åpent for kven som vil uansett form og alder. Velkommen !
Magisk aften utan månemann
Hjelmeland Turlag inviterte til måneskinnstur til Fosstemmen- men månen kom seint den kvelden så den gjekk turgjengen glipp av. Til gjengjeld fekk dei 21 som tok turen oppleva ein magsisk skumringstime på veg opp og ein fullspekka stjernehimmel på veg ned - og imellomtida gjekk radlet og historiene livleg rundt bålet i gapahuken. Meir om turen på Hjelmeland Turlag. Foto over er frå steinbordet i Stølskleivå.
Tell ned til Smashing Jøsneset
Førebuingane til sommarens Smashing Jøsneset er i full gang, og programmet er klart! Her kan du ta ein første kikk på plakaten!
Kalvagaren ventar på deg
Info om turen til Fosstemmen mand 13 feb : Månen kjem seint, sikkert ikkje før halv 9 -9 , så den som vil få med seg den, må vere tolmodig og godt kledt. MEN: me held fast på oppmøtetidspunkt: det er meldt klarvær og fint - så me får iallefall den fine skumringstimen på veg opp og den vide stjernehimmelen på veg ned. Det er ikkje snø og ikkje glatt og heller ikkje is til å skeise på. Me kokar suppe og kaffe og kosar oss rundt bålet med Rasin sine lokale historier - Ha gode/varme klær og sitjeunderlag.....og lykt - men husk: den som bruker lykt ser ikkje stjernene. Velkommen !! PS: Månemannen skal me nok lura neste gong ;-)
Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne passe for barn (ja, i følgje med vaksne). Varm suppe frå bålet blir servert - tippe den er klar sånn ca 1/2 7 -7- medan RASIN TJELTVEIT fortel lokalhistorier !
Meir info om turen på PLAKATEN.
Meir info om alle turar: Hjelmeland Turlag Turprogram 2017.
Alle turar blir annonsert på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside
og på nettsidene til Stavanger Turistforening.