Nytt frå Strandbuen
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn
- Nyter du finværet? Her kan du se og sende inn sommerbilder
- Kerstin hadde ingen erfaring med blomster, nå er hun i hagen flere timer hver dag
- Kvinne fra Time vant over ti millioner i Lotto: – Er nesten litt kvalm!
Siste nytt
Fantastisk påskekonsert
Påskeaften inviterte Jøsneset ungdomslag til familiekonsert med Jose Altamirano i gymsalen. Han hadde med seg "gjesteartistar" frå kulturskulen og ein ekstra gjestesolist. I tillegg lova påskeharen å stikka innom!
Tausanibbå 500
Tausanibbå 500 moh er vel verdt eit besøk !! I år har du ekstra grunn til å besøke turposten her ute på kanten av Herefjellet, for Tausanibbå er ein av fleire av kulturkontoret sine KODEJAKT -postar . Koden finn du ved turposten, og ruta opp frå Åsland er godt merka, og nå er det òg kome nokre nye stadnamnskilt på veg opp.
NY SKILT-KVELD ONSDAG 5.april kl 19.30
Bli med å lage fleire skilt - Det nærme seg vår - og jo fleire me klarer å lage nå, jo fleire får me satt ut i terrenget når tur-sesongen byrjar for fullt i skog og hei!! Det er jo veldig kjekt å sjå desse skilta dukkar opp både her og der ;-)
Kontaktinfo for skiltkveldane er Rasin Tjeltveit i Bygdarådet !
Neste skiltkveld - onsdag 29 mars !!
Det blei fresa opp ein del skilt sist veke - nå er det klar for ny økt denne veka: ONSDAG 29. MARS kl 19.30 - SLØYDSALEN !! Nye og gamle skiltmakarar velkomne !
v/ Bygdarådet
Viltlaget lokkar med stipend
Jøsneset viltlag forvaltar hjortejakta på Jøsneset, og alle grunneigarar med jaktrett på hjort er medlemmer i laget. Laget sitt årsmøte gjekk av stabelen 15. mars. Laget disponerer 150 fellingsløyve for hjort over ein 3-årsperiode, og desse bør fordelast så jevnt som råd er med tilnærma 50 felte dyr årleg. I 2016 blei det felt 38 dyr, og dette er nokre færre enn dei siste åra.
Laget har to stipendordningar som på ulike måtar skal stimulera til auka interesse for hjortejakt i bygda.
Takk for trimmen Silje !
Silje Sværen fekk overrekt eit gåvekort på kr 500,- til EnkelButikken frå JØSNESET HELSELAG - som takk for at ho stiller som instruktør med musikk og program på trimkveldane kvar torsdag ! Torsdagstrimmen rullar og går slik den vel har gjort i snart to år nå - og Silje gir eit fint bidrag til dette folkehelsetiltaket !
Framtidig bruk av skulebygga ?
Bygdarådet skal snart i forhandlingar med kommunen vedrørande bruk/overtaking av skulebygningane som grendahus m.m. - og ønskjer synspunkt og innspel frå bygdefolket til dette