1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Tausanibbå 500 moh er vel verdt eit besøk !! I år har du ekstra grunn til å besøke turposten her ute på kanten av Herefjellet, for Tausanibbå er ein av fleire av kulturkontoret sine  KODEJAKT -postar . Koden finn du ved turposten, og ruta opp frå Åsland er godt merka, og nå er det òg kome nokre nye stadnamnskilt på veg opp.

Turen startar på Åsland, ca 250 moh. Følg skiltet mot Herefjellet, den fører deg på den gamle stien til fjells, rett opp dei bratte Bakkane bak gardstuna. 

Første lokale stadnamn du passerer er Svartops. Det er lett å forstå kvifor det heiter Svartops - her er det virkeleg ei svart markant bratt bergops - den finn du ved å følgje godt med ut mot venstre når du går opp over første beitet - akkurat der bakkane startar for fullt.

Du må gå litt til sides frå stien for å finne Svartops !


Oppover og oppover bærer det, og det er tunge bakkar - men ca halvvegs kjem ein til Håva. Det er ein liten fin flate der det er fint å ta ein liten kvil i den fine bjørkeskogen. Kan det vere at stadnamnet eigentleg skrives Hova og kjem av  eit hov - norrønt hof - viser til stad for utøving av norrøn religion. Kan det vere tilfellet her??? ......det er jo lov å fantasere rundt det iallefall, medan ein kviler på steinen.


Vidare oppover bær det; stien er godt synleg og godt merka - denne stien har vore nytta i uminnelege tider.


Nå stig det godt, og me byrjar å få følelsen av utsikt - ja, jammen der står skiltet: Utsikt frå Skaret. Ta avstikkaren utom, så får du deg ein ny kvil - nå med utsikt !


Herlig utsikt frå Skaret mot Hjelmelandsvågen . Ja, stadnamnet Skaret er lett å forstå - det kjem av landskapsformen - ei markant kløft/hogg i fjellet her. Dette markante skaret ser ein svært godt nedanfor og frå fjorden.


Utsikt òg vestover ut mot bygene uti Boknafjorden


Neste stadnamn passerer ein like ovanfor Skaret - det er Skjebet - dialektord av Skipet, må det vel vere. Og namnet må vel kome av formen på den gigantstore steinen som ligg akkurat her: steinen ser ut som eit skip ! Det er nokså tilgrodd rundt steinen med brake, men ta deg tid å ta ein titt - og kanskje til og med klatre "om bord" og leik du er til havs ;-)


Like ovanfor Skjebet kjem ein opp i Øykjastien - det er eit smalt parti på stien. Namnet her kjem av øyk=hest. Dette er einaste staden på vestsida av Herefjellet at ein kjem opp med hest - så her var altså stien ein førte øykjen opp.  Det blir òg fortald at det ein gong var ein hest som faktisk trødde feil her, og datt ned skrenten - og måtte ende sitt liv her pga skaden. Ja, stien er smal her.
I bakgrunnen ser me den store steinen: Skjebet (eller Skipet)

Etter Øykjastien er det slutt på bjørketrea - og heretter er ein over tregrensa og oppe på det nydelege snaue Herefjellet !


Men denne gongen skulle me altså "kun" til Tausanibba 500 moh - og ikkje heilt til topps på Herefjellet. Tausanibbå er ein fantastisk utsiktsplass - og du ser mykje av Hjelmeland kommune og Ryfylke herfra - og den vide Ombofjorden ligg bada midt i.  Tausanibbå - ja, kva kjem det ordet av mon?  Dette er ei nibbe. Ja, altså òg av landforma: eit markant utstikkande parti i fjellet. Òg denne formasjonen ser ein tydeleg nede frå bygda. Men "tausa" ?  Ei taus er i tradisjonell språkbruk ei tenestejente, i somme dialektar er ordet bruka synonymt med jente.   Kan me tippe at tauså tok seg turar her opp på nibbå for å drøyme seg vekk litt frå slit og strev? Eller kanskje ho lurte seg opp her i kveldssola for å møte drengen?   Ja, igjen - det er lov å fantasere ! 

På Tausanibbå finn du altså ei av Jøsneset Helselag sine 9 turpostbøker. Skriv deg inn, og bli med i trekning av gåvekort. Og nå i 2017 finn du òg ei kode her. Skriv den ned og inn saman med dei andre kodane i Kodejakta, så har du nok ein vinnarsjanse.

Dersom du vil ha ein rundtur, og det er ganske smart - så går du vidare austover frå Tausanibbå. Då får du med deg heile Herefjell-kanten ut mot fjorden - og kanonutsikt heile vegen. Ruta går austover forbi bekken Migaren og vidare mot Hedlestøl. Her er ruta òg ny-oppmerka, og du kan velje å gå vidare over Gaukjen mot Fossmarka eller ned via Britatødne og ned igjen til Åsland. Alternativet ned til Åsland gir deg ein rundtur på ca 4 km  i fantastisk landskap.  Her er nokre bratte parti og stygge skrentar, så trø varsmomt - men siste del av rundturen går på ein fin landbruksveg over opne fine beitemarker.  


Ta turen - Tausanibbå og Herefjellet ventar på deg !

 

FaceBook
Facebook