1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Påskeaften inviterte Jøsneset ungdomslag til familiekonsert med Jose Altamirano i gymsalen. Han hadde med seg "gjesteartistar" frå kulturskulen og ein ekstra gjestesolist. I tillegg lova påskeharen å stikka innom!

 Jose diska opp med ei lang rekkje hits i eige arrangement. Han var innom Beatles, Leonhard Cohen, Elton John og Rolling Stones berre for å nevna nokre. Alle som har høyrd Jose opptre veit at han syng flott, er fantastisk på pianoet og har ein enorm energi på scenen. Han kunne nok ønska seg enda meir respons frå publikum, både i form av sang og dans, men det var nok litt tidlig på kvelden!

Etter ein god halvtime aleine på scenen var det ein kort pause med litt mat og drikke, før elevane frå kulturskulen entra scenen. Først ut var Elise Sværen Oaland på fiolin. Ho framførte Kanon i D-dur av Johann Pachelbel til stor applaus!

 

 

 

 

 

 

 
 

Så var det Annbjørg Westersjø sin tur, som friskt både spela keyboard og song.

Neste talent opp på scenen var Norunn Westersjø på keyboard.Ho som fekk hjelp til framføring av "The pink panther" av Andreas Altamirano på slagverk.

Så var Jose tilbake ved tangentane, og no fekk han selskap av Martha Gjevre Tjelle som sang "The Rose" og "Aint no sunshine when he`s gone". Nydeleg framført av flott stemme!

Påskeharen heldt det han lova, og lodda ut velfylte påskeegg til ungane i salen.

I siste bolk av konserten fekk Jose god hjelp frå sønene Sebastian på gitar og Andreas på slagverk. Dei tolka både Johnny Cash og Prince med stil!

Publikum storkoste seg under konserten, og mange ga uttrykk for at dette burde bli ein årleg tradisjon. Stor takk til Jose og resten av "artistane" for ei storarta musikkoppleving!

 

 

Konserten var sponsa av Helgøyskyss as og Leif R. Nesvik maskin

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook