1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsneset viltlag forvaltar hjortejakta på Jøsneset, og alle grunneigarar med jaktrett på hjort er medlemmer i laget. Laget sitt årsmøte gjekk av stabelen 15. mars. Laget disponerer 150 fellingsløyve for hjort over ein 3-årsperiode, og desse bør fordelast så jevnt som råd er med tilnærma 50 felte dyr årleg. I 2016 blei det felt 38 dyr, og dette er nokre færre enn dei siste åra.
Laget har to stipendordningar som på ulike måtar skal stimulera til auka interesse for hjortejakt i bygda.

Jostein Hjorteland takka av etter fleire år som leiar i laget, og Lars Reidar Nesvik overtok leiarvervet. Ellers sit Rasin Tjeltveit, Johan Hjorteland og Eilef Foss i styret.

Jøsneset Viltlag har eit stipend på kr 1500,- til nye jegrar som tek jegerprøva. Stipendet kan utbetalast etter bestått prøve. I tillegg er det etablert eit stipend til personar som får godkjend ettersøkshund for skadd hjortevilt  på kr 2000,-.

For meir informasjon kan ein kontakta styret.

FaceBook
Facebook