Siste nytt
Triveleg juleverkstad
Laurdag før jul arrangerte Jøsneset Ungdomslag for tredje år på rad juleverkstad i gymsalen, og jammen dukka det ein "bank-nisse" opp med ein sjekk på 12 000 til Ungdomslaget. Sjekken er frå gåvefondet til Hjelmeland sparebank, og skal gå til ny miksepult for lydanlegget på skulen og skap og kommode til revygruppa.
26 stk var innom juleverkstaden og fekk med seg stemning og fekk laga juledekorasjonar og støyping av lys. Superveteran Knut Vadla stilde òg i år med lysstøypingutstyret sitt, og då var det for resten av gjengen å stille med tålmodigheit - for lysstøyping tar tid.
BLI MED I RØDE KORS
Thomas Tjeltveit i Røde Kors Hjelmeland fortel at dei nå ønskjer å rekruttera nye redningsmannskapar. Thomas fortel: "Nordsida av Jøsenfjorden er eit satsningsområde, då vi ikkje er så mange aktive på denne sida av fjorden frå før.....
Juleverksstad på lørdag
JULEVERKSSTAD I GYMSALEN
KL 12-15 PÅ LØRDAG 17/12/16
Hjelmeland Sparebank kjem med ein gåvesjekk til Jøsneset Ungdomsslag. Dei har søkt om midler frå bankens Gåvefond, så Kl12:00 blir det ovverrekking av gavesjekken. Jøsneset Ungdomsslag er veldig spente på kor mykje gåvesjekken er på, så kom og få med deg denne flotte førjulsgåva frå Hjelmeland Sparebank.
Tania og Ida's bygdekveld
Tania (nr 2 fra venstre) og Ida (til høgre) har eit valfag på skulen som heiter INNSATS FOR ANDRE. Det handlar mellom anna om frivillig arbeid. Tania og Ida bestemte seg for at dei ville lage til ein bygdefest for alle i Jøsnes-bygda. Som tenkt, så gjort ! Dei fekk god hjelp frå Elise til venstre og Kristiane; og saman med Sebastian, Andreas, Norunn og Anbjørg har dei halde på med jamnlege øvingar i haust - og jammen hadde dei snekra saman eit times langt program med hardrock, skuespill, dans, allsang, konkurranse og pianospel. Dei hele med ein fin liten touch av jul - slik at alle kom i julestemning, ikkje minst av fleire felles julesangar. Bygdefolket koste seg storleg under førestillinga - og praten gjekk lystig etterpå rundt kaffe-kakefata.
Her får de småglimt frå forestillinga, som alt saman er snekra saman av 15 åringane sjølve:
Veldig bra intitiativ !! Bra jobba jentar og guttar !! Etter at Jøsneset skule blei lagt ned, er det færre treffpunkt for bygdefolket - og mange saknar den årlege bygdakvelden som skulen kvar haust arrangerte. Dette var nesten som "gode gamle dagar" i så måte .
TAKK TIL IDA OG TANIA - me stemmer for at dei skal få toppkarakter i dette skulefaget sitt !
Foto: Øyvind Oaland - Filmen: Svanhild Hjorteland Gbada.
Førjulskos hos Mikals Laks
Fredagskvelden var det ope hus på Mikal Laks - med utdeling av smaksprøvar på både røykelaks, varmrøykt laks, fenalår av villsau og eplesaft - pluss servering av gløgg, kaffe og julekaker. Det blei god stemning og gode juleinnkjøp blei sikra for alle som var innom. Ute var det julepynta og masse flotte juletrær og julekransar frå Mikal Hetland var òg å få kjøpe - pluss hummer og foredla kveite !! Her var altså noko for ein kvar smak - og bare gode lokale produkt frå MIKAL LAKS - BUHAGEN og MIKALS JULETRE.
Takk for flott initiativ !!