1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower
.be">
.be
Alt er klar for kappestrid på Skiftunkaien.  I ein av øvelsane kan det kanskje vere ein fordel å ta med badebukse - med mindre du satse alt på balansen ! Deltakaravgift kr 50,-  I tillegg til kappestridøvelsar, kan de òg kose dykk med  kanoar utlånt av Hjelmeland Turlag ute på Skiftuvigå

FaceBook

Søndag 14 august hadde Hjelmeland Turlag fellestur t/r Bastlid -  Røssenibben 718 moh,  med avstikkar via Giskelia og Øygjadalen ned igjen til Bastlid. 21 stk deltok - her er den spreke gjengen.
Mange bilder og meir stoff om turen finn de på Hjelmeland Turlag si opne facebookside.  Fleire frå Jøsneset bidrog med sin innsats på turen: Rasin Tjeltveit var kjentmann og leia flokken stødig på rett veg, Arthur Westersjø  tok imot i Giskelia med lokalhistorier frå krigens dagar, og Ingeborg og Sven Westersjø med jentene serverte rykande varm kaffe i Giskelia - og Svanhild H Gbada var turleiar for Turlaget :-) Takk til alle som deltok på turen !


Veldig kjekt at 5 spreke barn deltok på turen. Her er Hedda 6 og Brage 9 - dei to deltok på heile turen heilt frå Bastlid opp og ned.  I tilegg var det 3 barn som deltok frå Giskelia opp og ned.  Sprekingar alle saman!  

Hjelmeland Turlag
v/Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook

Knyt på deg tursko/joggesko/spaser sko og bli med på ein sosial gåtur.

Tysdag 23.August kl 18:30 frå Skiftunkrossen

FaceBook

 


ARR:  JØSNESET UNGDOMSLAG

FaceBook

Etter ein lang heiatur til NordaHøgaste og Gunlanuten gjorde det godt med eit friskt bad i Fosstemmen for Runar Fossaa og kompisen Kristoffer - ja, for me reknar med at han traff vannflata og at plasket blei forfriskande - og ps: solå skein !!!  Foto: Unni Fossaa

FaceBook

Dette nydelege stemningsfulle bildet har me fått av Fartein Haga som har feriert på hytte i Bastlid. På ein av dei finaste kveldane i sommar tok han turen ut til Hårsteinen og fanga denne herlege stemninga - det er slik me gjerne vil ha sommarkveldane !!

FaceBook
Facebook