Siste nytt
Torsdagstrim på onsdag
Torsdag 23. juni er Jonsok, og trimmen er derfor flytta fram til onsdag 22. juni klokka 19:30. Velkommen
Vinnar logo Jøsneset Viltlag
Vinnar av logokonkurranse for Jøsneset Viltlag er kåra - det blei den lokale deltakaren OLA SKIFTUN. Juryen i Viltlaget vektlegg at han har fått med seg kronhjorten oppunder Gunlanuten i soloppgang i solbygda, og Ola sjølv skriv at frå toppen av Gunlanuten er det utsikt over alle jaktvald på Jøsneset. Det kom inn forslag frå 3 personar, ein med heile 40 bidrag, alle veldig gode forslag, men viltlaget likte det lokale forslaget til Ola best.
Premie: Trerettars middag for 2 på restauranten "Charles og de" på Sandnes - råvarer av hjort frå Jøsneset :-) GRATULERAR!!
Velkommen til Jonsok!
Det blir tradisjonell Jonsok-feiring i år og - sjå plakat med informasjon her
Sjønær tomt til salgs - Nesvik
Har du ein draum om å bu på Jøsneset? Kanskje nettopp denne tomta kan oppfylle din draum? Masse info på FINN.NO
Torsdagstrimmen avlyst
Trimmen går dessverre ut denne torsdagen!!
RyfylkeQuissen - Team Hjelmeland på 4.plass
Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok - med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen - og der dei fekk ein fin 4.plass.
Det blei heimeseier til TeamSuldal - her er alle laga saman med dei 6 ordførarane ;-) . Gratulerar
Grusing på gang
To dagar denne veka blei brukt til grusing på skogsvegen opp til Fosstemmen - 103 tonn grus blei lagt ut for å gjere vegen fri for djupe hjulspor slik at regnvær ikkje skal øydelegge dei fine vegane innover heia. Det er Foss Skogsvegforening som har utført arbeidet - Foto Sven Westersjø