Nytt frå Strandbuen
- Lossi, husflytting og stilfulle fotballspillere: Dette skjedde i 1990
- Gjentar suksessen med påskerebus på Jøssang – denne gangen kan du vinne premie
- Olav døydde brått – tilbake er ei dotter og bygd i sorg: – Han var ein original alle blei glade i
- Her er oversikten over årets påskekrim
- Mr. Ryfylke er 80 år
Klar for HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR
Dugnadsåndå har ridd Jøsnesbuen dei siste vekene - både i låglandet og her i høglandet : Nå er gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen klar for innrykk av hordar av turglade heiavandrarar - nå òg med eiga badestrand !! Dette er basen for arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUREN. Her blir sekretariatet å finne frå start kl 9.00 og heile dagen 15.MAI.
Kodejakt !
I desse dagar blir det sendt ut ein liten flott brosjyre i postkassane til alle husstander i Hjelmeland - klikk på bildet så finn du brosjyren. Det er kulturkontoret i kommunen som igjen trigger til aktivitet og friluftsliv. KODEJAKT !! 10 hemmelege kodar er spreidd ut i vår vakre natur i Hjelmeland - i brosjyren finn du opplysningar om kor kodane er og korleis du kjem deg dit. Ein av kodane er på Jøsneset - på Nesdalsfjellet - som alt er ei merka turløype i bygda vår.
RYDDEDAG TYSDAG 10.MAI
Meir info på PLAKATEN
Vel gjennomført Hjartemarsj
18.små og store trossa vær og vind, og gjekk turen rundt "Nullen".
Me fekk bryna oss på 20 quis spørsmål undervegs, så me fekk også trimma hjernen i tillegg til hjerta.
Nysteikte lappar, vannmelon, saft, nykokt kaffi/te sto og venta på oss då me kom tilbake frå turen. Sjå foto HER
Ingen hadde 20 rette på quizen, men det var fleire med 15 rette.
Tusen takk til alle som kom og blei med å gjekk Hjartemarsj.
HARDHAUS OG 3 NUT- TUR 2016
Fram med turskoa og gjer deg klar for vårens vakraste eventyr.
Søndag 15.mai (1.Pinsedag) arrangerer JUL og Helselaget
Hardhausen og 3-nut-tur
Jippi - Kasper kom heim !!
Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ....eller Kasper sjølv? Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen - etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg - så matmor Anne frykta for at han hadde satt seg fast ein eller annan stad - ein situasjon som kunne blitt skjebnesvanger. Hennar teori er framleis at det var det som var skjedd; men Kasper må han ha klart å lirke seg ut av bandet heilt på eigen hand, for han dukka opp utan bandet. Dei siste dagane har fleire hørt hundebjeff i skogen på Foss - og her har det vore leita av fleire i alle krinkelkrokar. Men terrenget er kronglete og skogen tett - og bjeffa kom så sjeldan at det var vanskeleg å orientere seg kor det kom frå. Men - Kasper fiksa sakene sjølv til slutt - for plutselig stod han på døra heime på Tonå ørtidleg fredag morgon !! Ein lykkeleg slutt altså !!