Nytt frå Strandbuen
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
- Strekning på riksveg 13 blir manuelt dirigert i en måned
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland
- En gruppe kommunalt ansatte i Strand får dekket bompenger – har økt rekrutteringen
Siste nytt
Cynthia sin Jøsnessommar
"Min Jøsnessommar" : Cynthia Sandanger klarte bragden: å fange sommarsola !! Bra gjort for den var jammen ikkje lenge innom her denne sommarferien - takk til Cynthia for dette flotte fotoet (la oss tippe at det er tatt frå Kjerhammar) og tre fleire nedanfor.
Skiftande skydekke
Sommarværet har vore rimelig skiftande over Jøsneset dette sommaren - solstråler og regnbyger går hand i hand - kan jo vere flott med litt gråvær òg ! Her over Fosså mot Bandåsen.
Gøy på landet !
Flott oppmøte på treninga tysdagskveld - godt over 20 stk - Ein super mix av ungdom/vaksne/kvinner/menn/fastbuande/hyttefolk ( flest hyttefolk!) som fekk leika og trena seg godt i gymsalen med Rikke Rynningen frå VILJE TRENING som ukens "sommarvikarinstruktør". Det blei både "mattekø" og "terningkø" i gymsalen når Rikke kjørte på med "Bingo-sirkeltrening" - ein slags lagkonkurranse med innlagde styrketreningsøvingar. Me seier berre : velkommen igjen på TORSDAGSTRENINGA !
psst....uskarpt foto - for gjengen sprang så fort
Bli med på stølstur i Jøsenfjorden
ØVRAFJELLSTØLEN - JØSENFJORDEN - LØRDAG 30 JULI med lokalkjent Marie Hauge og turleiar Trond Laugaland
PS: Neste turlagstur er sønd 14. august til Røssenibben
Ny "sommarvikar" på treninga - Rikke !
Gøy når treningsinstruktørsommarvikarane står "i kø" - Denne veka vil Rikke Rynningen ha treninga i gymsalen både tysdag 26 og torsdag 28 juli. Rikke driv VILJE TRENING i Oslo men ferierar nå i Skiftuvigå.....der ho tydeligvis finn treningsinspirasjon ! Ho kjører litt anna opplegg enn vanleg sirkeltrening - men det er bra, for då kan trimmarane kanskje få gangsperr på nye plasser Treninga er som vanleg kl 19.30 og som vanleg open for ALLE !!
Alt klar for SMASHING JØSNESET
Det meldes bra vær til lørdag !! Jøsneset er klar for storinnrykk og det blir satt opp buss fra/til Nesvik kai. Og NB: me set opp buss frå Knutsvik Dalastykkjet kl 19.05 - så hyttefolk: kast dykk på bygda sin storfest på lørdag. Og husk at bilettsalget stenger kl 19.15 - kjøp gjerne billettar på førehand: https://billetto.no/no/events/smashingjosneset
Tidsskjema er som følgjer:
18:45 - Dørene åpner
19:15 - Billettsalget stenger
19:30 Leif og Kompisane Trio går på scenen.
20:45 Goggen går på scenen
24:00 Dørene stenger
Det vil bli servert god grillmat og drikke. Salg av øl og vin. 18 årsgrense. VELKOMMEN !