Nytt frå Strandbuen
- Kranglete mann fikk klar beskjed av politiet
- Tok fyr på kjøkkenet: – Politiet har eit godt bilde av kva som har skjedd
- Våkner du med disse har du et problem
- Katten til Oda fra Hjelmeland har forsvunnet hele ni ganger – med GPS-sporing fant de ut hvor han dro
- Denne boligen gikk for 5,7 millioner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendommer
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Frisk satsing på saftig frukt
Aftenbladet skriv om fruktsatsinga i Hjelmeland; med etablering av eige fruktpakkeri, nyetableringar og fornying av eksisterande fruktgardar i kommunen. Slik
frisk satsing på saftig norsk frukt skjer òg på fruktgardane på Jøsneset - både på Eiane, øvre Fosså, Knutsvik og her på Skiftun er det fornyingar på gang. Hjå Jostein Hjorteland på Skiftun blir det nesten einslags "extreme makover", for ca 3/4 av dei etablerte fruktareala på garden blir i desse dagar fornya. Dvs gamle tre blir rivne opp og erstatta med nyplantingar. Siste tre for sesongen blei planta i jorda nå ca 19 november, og målet er å vere ferdig med ca 5000 nyplanta tre til neste haust.
Litt av eit breiflabb-gap
Joachim Langvik drog opp eit orntlig beist av ein breiflabb denne veka i Nedstrandsfjorden - ein rugg på over 40 kg var noko å få om bord i sjarken !! Breiflabb er ein typisk botnfisk, kan leve i svært djupe fjordar, og kan faktisk bli meir enn dobbel så stor....men me tippar påstanden at det er dei færrast som er borti slike beist som dette . Joachim driv som yrkesfiskar m.a her i Ryfylkefjordane, og har garn ute nå for tida. Han får både sei, lyr, torsk, hyse, lange, breiflabb osv , men sikkert ekstra moro når det dukkar opp ein slik sværing !!
Godt å ha god båt og skikkeleg utstyr når slikt "uhyre" skal om bord bra jobba Joachim !!
Foto: Cesilie Wåland
NM-Bronse til Tania
Nå har Tania Yu Auglend frå Tonå på Jøsneset deltatt i både World Cup i Budapest (slutten av okt) og NorgesMesterskap i Bergen (byrjinga av november) i TAEKWONDO. World Cup var ei spennande og tøff turnering, og Tania deltok i fleire konkurranser; sparring, lag-mønster og mønster. I sparring kom ho til bronsefinalen. Ho leda kampen lenge, men tapte bokstavelig talt i siste sekund.
I NM deltok ho òg i fleire greiner; og her fekk Tania bronsemedalje i Mønster i sin klasse, noko ho var svært nøgd med. Bravo Tania - heila Jøsneset gratulerar !! Me gledar oss til å følgje travlne Tania vidare ! Fleire foto frå turneringa under:
Saft i lange baner - Tid for Buhagen
Frukthausten er over - og all den fine frukta er vel i havn. Ein god del av dei gode epla blir òg pressa til edle dropar - som her på Skiftunkaien er det produsert masse saftig, frisk og naturleg Buhagen-eplesaft -som nå blir spreidd ut på fine restaurantbord i byen, ut i butikkar og til privat handel. Nå er det tid å kose seg inne med gode kjøtmåltid og god drikke - og nettopp dette finn du hos dei lokale Jøsnesprodusentane i Skiftudalen BUHAGEN - ny prisliste for hausten ligg nå ute - løp og kjøp !
Damekveld på onsdag
Onsdag 26.10 kl 19:30 i Trivselstova.
Berit og Anne er klare for å ta imot alle som vil ha sin sosial kveld saman. Ta med naboen, ein venn, ein bekjent, strikketøy, heklenål, godt humør og bli med på ein kjekk kveld i trivselstova.
Familie- og helsebading høst 2016
Måndag 24.oktober startar badingen opp igjen i oppvarma basseng. Det er Hjelmeland Røde Kors, Jøsneset Helselag, Fister Sanitetsforening og Årdal bygdaråd som står for vaktholdet.
16:30-17:30. Spedbarn 3-12mnd i følgje med vaksne.
17:30-18:30. Småbarn Under skulealder i følgje med vaksne.
18:30-19:30 Vaksne
meir info på hjelmeland kommune sine heimesider.