1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Aftenbladet skriv om fruktsatsinga i Hjelmeland; med etablering av eige fruktpakkeri, nyetableringar og fornying av eksisterande fruktgardar i kommunen. Slik
frisk satsing på saftig norsk frukt skjer òg på fruktgardane på Jøsneset - både på Eiane, øvre Fosså, Knutsvik og her på Skiftun er det fornyingar på gang. Hjå Jostein Hjorteland på Skiftun blir det nesten einslags "extreme makover", for ca 3/4 av dei etablerte fruktareala på garden blir i desse dagar fornya. Dvs gamle tre blir rivne opp og erstatta med nyplantingar. Siste tre for sesongen blei planta i jorda nå ca 19 november, og målet er å vere ferdig med ca 5000 nyplanta tre til neste haust.

Over 4000 av trea er epletre, med eit par nye sortar som Rubistepp og Sunrise, men òg ca 650 nye pæretre kjem i jorda, då den nye sorten Celina. Det nye er at frukttrea nå blir planta mykje tettare enn før og radene er tettare + beskjæring og oppstøtting/oppbinding er annleis. Nå blir radene forma nesten som hesjer - på den måten satsar fruktdyrkarane på fire gonger så stor produksjon pr daa i første omgang - og på sikt enda meir auke !


Hagen like ovanfor Skiftun kai under rehabilitering - her er nå alt planta ferdig og bunde opp


Dei nye trea blir planta med mindre enn ein meters mellomrom

Inspirasjonen er m.a. henta frå SørTyrol i Italia - der nye sortar og nye teknikkar har medført auka produksjon frå 1-2 tonn pr daa opp til 14 tonn pr daa !  

Fruktdyrking er generasjonsarbeid  - og her på bøane ned mot Skiftuvika har det vore produsert frukt i mange, mange tiår. Før var trea høge som hus - nå små og tette.

Nå er innhaustinga over, og frukta er seld og safta - men arbeidet i frukthagen hjå Jostein Hjorteland har pågått til medio november 2016- då kom heldigvis siste tre i jorda akkurat tidsnok til at fruktbonden kunne dra avgårde med "kollegaene" sine til Italia.  Jostein og fleire andre fruktbønder frå distriktet er igjen i Tyrol for å bli enda meir inspirert - først og fremst på den store eplemessa i Bolzamo - Interpoma 2016 , men ikkje minst besøk ut på diverse fruktgardar.


Ein ting er sikkert: fruktplanting på hausten er "dirty work"  - la oss håpa at fruktbonden rakk å skifta før han heiv seg på flyet til Italia wink

 

FaceBook
Facebook