1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Laurdag før jul arrangerte Jøsneset Ungdomslag for tredje år på rad juleverkstad i gymsalen, og jammen dukka det ein "bank-nisse" opp med ein sjekk på 12 000 til Ungdomslaget. Sjekken er frå gåvefondet til Hjelmeland sparebank, og skal gå til ny miksepult for lydanlegget på skulen og skap og kommode til revygruppa.

26 stk var innom juleverkstaden og fekk med seg stemning og fekk laga juledekorasjonar og støyping av lys. Superveteran Knut Vadla stilde òg i år med lysstøypingutstyret sitt, og då var det for resten av gjengen å stille med tålmodigheit - for lysstøyping tar tid.




Primus motor for verkstaden; Lene Kaldheim i djup konsentrasjon kring ei julestjerne ! 

Det var god stemning og ein fin anledning til både å vere sosial og få unnagjort dekorasjonslaginga til jul. I bakgrunnen hadde Lene,, satt saman ei speleliste der vi høyrte kjente og kjære julesanger som kom ut frå høgtalaren.

Og vips: på ein to tre var dei søtaste og flottaste nissar og dekorasjonar på plass !  God Jul !

 

FaceBook
Facebook