1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Tania (nr 2 fra venstre) og Ida (til høgre) har eit valfag på skulen som heiter INNSATS FOR ANDRE. Det handlar mellom anna om frivillig arbeid. Tania og Ida bestemte seg for at dei ville lage til ein bygdefest for alle i Jøsnes-bygda. Som tenkt, så gjort !  Dei fekk god hjelp frå Elise til venstre og Kristiane; og saman med Sebastian, Andreas, Norunn og Anbjørg har dei halde på med jamnlege øvingar i haust - og jammen hadde dei snekra saman eit times langt program med hardrock, skuespill, dans, allsang, konkurranse og pianospel.  Dei hele med ein fin liten touch av jul - slik at alle kom i julestemning, ikkje minst av fleire felles julesangar.   Bygdefolket koste seg storleg under førestillinga - og praten gjekk lystig etterpå rundt kaffe-kakefata.

Her får de småglimt frå forestillinga, som alt saman er snekra saman av 15 åringane sjølve:

Veldig bra intitiativ !! Bra jobba jentar og guttar !!  Etter at Jøsneset skule blei lagt ned, er det færre treffpunkt for bygdefolket - og mange saknar den årlege bygdakvelden som skulen kvar haust arrangerte.  Dette var nesten som "gode gamle dagar"  i så måte .

TAKK TIL IDA OG TANIA  - me stemmer for at dei skal få toppkarakter i dette skulefaget sitt !




Foto: Øyvind Oaland -  Filmen: Svanhild Hjorteland Gbada.

 

FaceBook
Facebook