1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Torsdag 1.september blei ein festdag for både Arthur og Kong Harald og dei andre kongelege  - her helsar Arthur på Hans Majestet Kong Harald , medan fleire andre av dei 1500 gjestene på den kongelege hagefesten står og ventar. Nydeleg vær i Oslo denne dagen; som skapt for utefest på slottet.

.be">
.be

Her får Arthur og "hoffreporter" Sven servert Farris og eplemost av det kongelige hoff sin stab. Var det Buhagen-saft, mon?

Følg Arthur på hans ferd frå Storting til Slott og kongeleg hagefest......

 
Her har Arthur dressa seg opp og er klar for første punkt på programmet - omvisning på Stortinget !

 Inne på Stortinget fekk han helse på Marit Arnstad - Senterpartiets parlamentariske leder.

Så var det "innsjekk" på Slottet !

Inn på rød løper

Vel inne i "bakgården" på slottet blei gjestene ønska velkommen med kald drikke

 

 Litt mingling inne på slottsplassen før turen går ut i parken

.be">
.be
Musikken spiller opp og Arthur vandrar inn i den grønne festpynta parken

 I slottsparken henger damer ned frå trærne i rokkeringar - ja, ikkje tull ein gong :-) Bare sjå her:

.be">
.be
Mulig "hoffreporteren" fekk eit tips til neste Smashing Jøsneset her ?

 Mange kjendisar òg på festen - her helsar Arthur på den populære programledaren Nadia Hasnaoui.


Her er heile gjengen av inviterte gjester og alle dei kongelege samla foran scenen der mange artistar med mange sjangar underholdt gjestene: Her eit lite innslag med Kari Bremnes frå Lofoten:

.be">
.be

Det som kanskje gjorde mest inntrykk på alle - og som i ettetid har fått mest mediamerksemd i inn-og utland var Kong Harald sin eigen tale. Då set me over til NRK eit lite øyeblikk, og for dei som ikkje har hørt Kongens Tale før, så ta dykk tid å høyre den nå: http://www.nrk.no/norge/en-million-har-sett-kongens-tale-pa-facebook-1.13116144

 Litt av dessertbordet

 
Heldigvis fekk Arthur ein stol med seg - denne bar "hoffreporteren" med rundt omkring slik at Arthur skulle få kvile frå alle gåing og ståing

  Mmmm - mykje deilige canapeer på menyen !

 
Jammen traff Arthur på ein annan ryfylking - 18 år gamle Miret Årvik frå Tau  - som m.a. har skrive ein tekst som skal kome med i kongeparets jubileumsbok - og handlar om det å vakse opp i Norge.


  Nei, heisann ! Jammen traff Arthur enda ein kjenning frå Ryfylke - Magnhild Meltveit Kleppa! Mykje å prata om desse to mellom de konglege telt.

 Men kjekke ting tar slutt - festen er over kl 16 - og her ruslar Arthur ut igjen - mellom alle folka som stod ute langs gjerdet og titta inn.

  Well done !! Her avslører me òg kven vår utsendte "hoffreporter" var - det var "gudonjen" Sven  (som Arthur presenterte han for, med eit glimt i øyet, til ein annan festdeltakar) . Me syns at Sven her har gjort ein såpass god jobb med fotografering og filming på Slottet - at han nå utnevnes til Josneset.no sin faste hoffreporter - når andre Jøsnesbuar skal i møte med Kongen, så reknar me med at Sven stiller !!!

Alle foto og video : Sven Westersjø

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook