1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Tursti-nettet på Jøsneset er under stadig forbetring - De huskar kanskje den flotte artikkelen på nettsida TURANBEFALINGER om Herefjellet !! Flott reklame for Jøsnesheia.  Det var ei fantastisk skildring av turen Åsland - Norda Høgaste t/r. Men det blei kommentert at det var eit par stader merkinga var litt uklar. Vel - nå er dette retta opp. Jostein, Berit og Lene Hjorteland tok søndagsturen hit sist søndag - og nå er ruta på vestsida av Asheimstemmen  og vidare oppover mot Norda Høgaste friska opp og er lett å finne.



Denne ruta går altså på vestsida av Asheimstemmen - og vidare oppover på vestsida av høgdedraget.


Etterkvart som høgdemetrane stig - blir utsikta meir og meir vakker - frå denne vestlege ruta er det flott utsikt utover Ombofjorden og øyriket, og vestover mot Nedstrand.

Og når ein er oppe blir ein premiert med denne vakre utsikten rett ned i Erfjord og Bogsundet !

Og nå er ein liksom ikkje i tvil om at ein er på rett plass - for nå er òg stadnamnskiltet kome på plass ved turpostkassen på Norda Høgaste

Kva anna kan me seie : TA TUREN !!!

FaceBook
Facebook