1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Foto: Strandbuen

Arthur H. Westersjø skal til Oslo den 1. september. Der skal han på hagefest i Dronningparken. Han er invitert i samband med feiringa av Hans Majestet Kong Harald og Dronning Sonjas 25 års jubileum.  Kronprinsen og Kronprinsessen vil også delta. Det blir stor fest der kongen og dronninga er vertskap for 1500 gjester frå inn og utland. Fylkesmannen i Rogaland har fått tildelt 50 plassar, der Arthur på 95 frå Jøsneset er ein av deismile. Hagefesten startar kl. 14.00  torsdag 1. september og er ferdig kl. 16.00. Før sjølve hagefesten er også gjestene frå Rogaland invitert til omvisning på Stortinget.  Då må josneset.no for første gong i historia kalle ut sin hoff-fotograf, så då reknar me med fyldig fotoreportasje frå festen i etterkantwink.  Då ønskjer me Arthur god tur til Slottet !!

 

FaceBook
Facebook