Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Stadnamnprosjektet i sving
Siste nytt frå det lokale stadnamnprosjektet: me har nå oppretta ein stadnamnbase, og er i ferd med å plotte namn inn på det digitale kartet. Me har òg laga ein tabell; der me noterer inn ulike data om namnet. Søndag kveld plotta me inn ein god del av dei namna me fekk på første møte i Trivselstova. Me har delt ut kart over område/gardar til dei som har bede om det; både over Knutsvik, Åsland/Asheim, Skiftun, Foss og hei-områda. Så me reknar med at folket der ute er i full sving med å føre på namn på manuskarta.
Helsebading a-la Foss
Jøsneset Helselag si varsla HELSE-(is?)-BADING på laurdag var ingen spøk : Her er det dokumentert: det BLEI utført!!! Heile 4 stk heiv seg uti det kalde vatnet i Foss-ånå; Her representert med 1/4 av Jøsneset Brannvesen. Med dette forskrekka blikket er me litt i tvil....er det helsegevinsten han stussar på ? Eller er det kanskje Nøkken sjølv han møtte i dukkerten der nede i den kalde, våte kulpen?? Uansett....Brannmann Sven var sprek som hoppa uti...Men kva med resten av brannkorpset?
Helse(is?)bading på Foss
FOSS LAURD 26,10 kl 16.00.
Jøsneset Helselag tek helsebadinga opp til nye nivå; og utfordrar nå alle og einkvar til bading i kulpen i Foss-ånå laurd 26 okt kl 16...brrrrr.Jaaaa, dei meiner det altså ! Einaste krav dei stiller er at; om du kjem så må du bade ! Ei spesiell utfordring går til karane i Jøsneset Brannvesen !! Premiering...?? minimum ei forfriskande oppleving!
ENJO-kveld i Trivselstova 29.okt
ENJO-"ekspressen" Karin Tove Netland er i området : møt dama som får ei kvar reingjeringsoppgåve til å virke som ein fest....ja, tru det eller ei! Ho tipser og demonstrerer og viser dei miljøvennleg ENJO-produkta. Ho har med masse produkt for salg - også mange julegåveidear. Men her er ingen kjøpeplikt: Har du berre lyst å møtes i godt lag over ein kopp kaffe og ein liten kakebit og få gode tips - så er ALLE hjarteleg velkomne !! TRIVSELSTOVA TYSDAG 29. OKTOBER kl 19.30
Vellykka turmarsj i finværet
Foto:Jøsneset skule
Fredag 18 oktober kl 11 inviterte Jøsneset skule til Turmarsj til inntekt for TV-aksjonen og demenssaken. Dette blei kjekt og sosialt i det nydelege haustværet. Nærare 50 stk frå begge bygder, derav nok mest frå besteforeldregenerasjonen, tok turen rundt "Nullen" og 2025 kr kom inn i kassen. Elevane selde nybaka Jødekaker til aksjonen. Deltakarane skrøyter, og rektor Rasin er nøgd: det viser at det ikkje alltid treng å vere store opplegg for at det skal bli vellykka. Les meir og sjå fleire bilde på JØSNESET SKULE. Når det gjeld framtida til Jøsneset skule, ser ikkje den fullt så vellykka ut: Alle politiske utval har einstemmig gått inn for nedlegging, Einaste som gjenstår nå er endeleg vedtak i kommunestyret 30.10.2013.
Lyse fiksa lysa :-)
Dei mørklagde vekene over bygda er nå over, og nå ser me igjen LYSET ....takket være LYSE, som nå har vore å fiksa alle dei 9 gatelysa som har vore ute av drift langs fylkesvegen, ved branngarasjen og skuleområdet. Nå vart det brått så mykje LYStigare i bygda
Fotoet illustrerar òg det makelaust fine været me har hatt nå utover første halvdel av oktober. Bildet er teke 18.oktober kl 19.00- nok ein nydleg haustkveld !!