1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Siste nytt frå det lokale stadnamnprosjektet: me har nå oppretta ein stadnamnbase, og er i ferd med å plotte namn inn på det digitale kartet. Me har òg laga ein tabell; der me noterer inn ulike data om namnet. Søndag kveld plotta me inn ein god del av dei namna me fekk på første møte i Trivselstova. Me har delt ut kart over område/gardar til dei som har bede om det; både over Knutsvik, Åsland/Asheim, Skiftun, Foss og hei-områda. Så me reknar med at folket der ute er i full sving med å føre på namn på manuskarta.

På møtet me hadde i Trivselstova tidlegare i oktober fekk me opplyst at det hadde vore gjennomført ei stadnamn-innsamling her på 1980-talet. Dette har me nøsta litt opp i; og fant ut at den innsamlinga var del av ei større innsamling for heile Rogaland, og alle data blei oversendt til Universitetet i Stavanger. Me har nå sendt ein henvendelse til rette vedkommande på Universitetet, for å høyre om me kan nytte oss av den innsamlinga som då blei gjort. For så vidt me veit, så blei informasjonen den gong ikkje kartfesta; slik me gjer nå. Me har òg undersøkt litt med Statens Kartverk; om dette er noko dei er interessert i. Dette er heller ikkje heilt avklart enda: men uansett vil det arbeidet me nå gjer, vere lett tilgjengeleg på digitale kart i framtida.

Me set pris på om enda fleire vil delta i kartlegginga av lokale stadnamn. Me har fått inn mange artige, fine namn og ein god del av dei er svært lokale. Om me ikkje kartfestar dei nå, kan dei nok lett gå i gløymeboka.

Me planlegg eit nytt treff i Trivselstova før jul; følg med: dato blir kringkasta her.

Har du lyst å bidra så er det kjempeflott !
Treng du kartutsnitt til å skrive namna inn på; ta kontakt med Svanhild: 97 00 76 36 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Ingeborg Westersjø og Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook
Facebook