Gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen er ein flott sosial møteplass i naturen.  Her er det eit godt ly for vind og regn, romslege benkar ute og inne, bålpasser og kanoar til å padle i + eit flott badevatn !

Bygget er teikna av landskapsarkitekt Knut Fosså, og er eit flott handtverk utført på dugnad av frivillige i bygda; med Lars Bog og Kåre Nesvik i spissen.  

Bygget har ein sekskanta form, og er bygd i solid lafta tømmer som er hogd i Erfjord. Den eine veggen inne i gapahuken er ei stor steinhelle som er henta ut frå Fossmarka.  Ved sida av gapahuken er det bygd eit "uthus" der kanoane "Kalven" og "Kvigå" bur,  og der veden blir halden tørr .

Alle er velkomne til å bruke gapahuken, bålpannene og kanoane.
Bruk av ved: Vipps kr 30 til Jøsneset Bygdaråd vippsnr 911348, velg «ved Fosstemmen»

Ikkje hogg trær i skogen! Øksene skal kun brukast til vedkløyving Ta med deg avfallet ditt heim - Rydd fint etter deg

Gapahuken er òg basen for arrangementet HARDHAUSEN som går kvart år 1.pinsedag. 

Slik kjem du deg dit:

Fosstemmen ligg midt i turhjarta av Jøsneset. Hit går du til fots. Sjå turkart Jøsneset og omtale på ut.no 

Frå Foss: bratt, god skogsveg rett opp frå p-plass på Foss, ca 2,7 km
Frå p-plass Åsland: først på landbruksveg, deretter på merka tursti, total lengd ca 2,5 km. 

 

 Drift av anlegget skjer på frivillig basis


 

FaceBook
Facebook