Siste nytt

Golvet i gymsalen ferdig fiksa

Dei øydelagde partia i golvet er bytta ut og forsterka, og salen er klar til bruk igjen!!

Nesvik-gjeng på Ombotur

Det blei ein lystig tur med veteranbussen «Bestemor» til Ådland Hagesenter på Ombo

Arbeid pågår i gymsalen

NB : Torsdag 30. juli startar det opp vedlikehaldsarbeid i gymsalen. Parkettgolvet sviktar på ein del plasser, og det blir «anleggsarbeid» der inne nå. Så til aller trimmarar: Gymsalen kan ikkje brukast, og kanskje heller ikkje treningsrommet. Meir info kjem når det er avklart kor omfattande arbeidet blir.

VM- kamp Skiftukaien

PS- påmelding til VM-kampen sms 41915215 PPS – minner også om at det er tradisjonell Jonsokfeiring FØR kampen utan påmelding. Salg av grillmat mm

Velommen på midsommarfest på Skiftun for heile familien

VM-kamp og Jonsok = tidenes sommarfest

VM i fotball går ikkje hus forbi her i bygda heller. Det er tid for å kome saman og heie fram Norges tropp frå storskjerm på Skiftun kai – Fredag 26. juni – Norge – Frankrike ! Sidan dette skjer så tett opp mot vår tradisjonelle Jonsokfeiring, gjer me i år ein ny vri på …

Takk for minnegåver

Styret i Jøsneset Helselag vil takka for minnegåvene som vart gitt til Jøsneset Helselag i samband med Cesilie Wåland sin bortgang. Det kom inn 12 300 kr.

Blomstrande lokal bedrift

Knoll og Knopp er ei ny Jøsnes-bedrift, driven av Vibece Salthe og Bjørn Kåre Bryn. I hagen ved det grøne huset i Hagen driv dei passande nok produksjon av blomar. Dei sel bukettar og blomsterbøtter, abonnement på blomar og bedriftsavtaler, i tillegg til bukettar og oppsatsar til arrangement. I sesongen for ferske blomar kan du …

Laks i merdane igjen

Laks i merdane igjen

Mowi melder at det er planlagt fisk i oppdrettsanlegget på Fosså i uke 26. Det inneber at det kjem brønnbåt innom i nokre timar og losser fisken i merdane når det er dagslys. Båten kjem etter planen innom 3 gonger, ca. 1 gong pr dag.

Sakliste

Styremøte Bygdarådet 04.06

Sakliste:– førre møtereferat– orienteringsaker– planlegging aktivitetar– Andre saker? Kontaktinfo Oddvar Skiftun, tlf 419 15 215

God deltaking på Hardhausen2026

Hardhausen 2026

Styret i Jøsneset Helselag vil takka alle som deltok på årets Hardhaus. Det var heile 99 deltakerarpåmeldte og flesteparten av desse gjekk enten 3. nutsturen eller alle 4 toppane og kan kalla seg ektaHardhausar. I tillegg så kom det også opp andre turgåerar til Foss-stemmen og var med oss der.32 deltok for første gang. 8 …

Påminning – Hardhausen 1.pinsedag

Velkommen til nutane på Jøsneset

Koseleg 17-mai-feiring

Smått er godt….Lissie førte an i toget i år også – og to unge karar sat standsmessig i vogna – Toget gjekk frå bedehuset til grendahuset Tale for dagen var ved varaordførar Gaute Hauge Følekammane. Borda var dekka til 50, og det var ca det som møtte opp. Ein nydeleg og variert matbuffet, der alle …

Velkommen til vårens vakraste eventyr - 1.pinsedag

Hardhausen 2026

KART OG MEIR INFORMASJON OM HARDHAUSEN

Kom på ryddedag !

Alle velkomne til å bli med på eit felles løft for å gjere våre fellesområder fine for sesongen.

Populær påsketur-konkurranse

Alle som skreiv seg inn i turbøkene på Håvehammar i løpet av påsken var med i trekninga av ein premie frå Jøsneset Helselag. Sjølv om påskeveka var både vår og kald, hadde heile 196 turgåarar funne vegen til Håvehammar. Vinnar av premien, ein tursekk, var Magne Olav Bergesen – gratulerer! No har Helselaget sin eigen …

Vellukka påske-pingpong

Langfredag blei det arrangert Jøsnesmeisterskap i pingpong på Grendahuset. Det var god stemning både i kafeen og gymsalen, der 44 deltakarar var i sving. I alt blei det spelt 112 kampar! Både jøsnesbuar og feriegjester kom også innom for å kjenna på stemninga, og for å treffa kjende i kafeen. Herreklassen var størst, med 26 …

Vellykka påskebasar

God stemning på bedehuset onsdagskveld i påskeveka ! Tusen takk til alle som bidrog til ein vellykka påskebasar. Det var nesten 150 personar innom på bedehuset. Det kom inn 62 870 kroner som går til drift og vedlikehald av bedehuset. Sjølv om det blei litt trangt så var det god stemning. Magnhild Meltveit Kleppa haldt …

Ferske bakevarer i Krambuå

I morgon (påskeaften) står Øyvind opp i otta for å levera brød og andre bakevarer til Krambuå frå klokka 9!