1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jøsneset Helselag si varsla HELSE-(is?)-BADING på laurdag var ingen spøk : Her er det dokumentert: det BLEI utført!!! Heile 4 stk heiv seg uti det kalde vatnet i Foss-ånå;  Her representert med 1/4 av Jøsneset BrannvesenSurprised. Med dette forskrekka blikket er me litt i tvil....er det helsegevinsten han stussar på ? Eller er det kanskje Nøkken sjølv han møtte i dukkerten der nede i den kalde, våte kulpen?? Uansett....Brannmann Sven var sprek som hoppa uti...Men kva med resten av brannkorpset?

Joda, her ser me 1/4 til frå Jøsneset Brannvesen: Viktig at nokon tek ansvar på land; sørgar for at sikkerheiten er ivaretattWink.....medan Svanhild, leiar i Helselaget, hoppa uti heile 3 gonger !!! Som om EIN ikkje var nok??? Hm, blir nok trippel helsegevinst av slikt ! Det ser beint ut ut som ho nyt det !!


Joda, Ingeborg dukka òg heilt under. Og her ser det ut som ho er interessert i å oppsøke den naturlege boble-bad-avdelinga. I tillegg til desse tre vaksne sprekingane, var òg Kristiane med på Team Foss-swimmers. Fleire av de dukka under fleire gonger...Men det heile stod på berre 2-3 minutt ...for då Jøsnesets "pressekorps" Tongue Out dukka opp på staden 10 minutt for seint; var kulpen tom for folk, De var nok heime og tulla seg inn i doble ulltepper !! 

Kva anna kan me seie: Spreke Fossdals-buar !!! 1-0 til dei, og dei seier sågar: "me hoppar i det igjen"
Så tja, kanskje me skulle møte opp kl 16 neste lørdag.... adle mann?


Og om du lurte på korleis værforholda var i Fossdalen denne siste laurdagen i oktober; så var det altså ein grå og hustrig dag, Ikkje så kaldt 8-10 gr , men yr, regn og skodd. Dei siste dagane har det regna mykje; så elva var stor og buldrande.  Åååå, ja, tenkjer du fekk lyst å bade du òg nå Smile

FaceBook
Facebook