For nokre år sidan blei det samla inn og kartfesta mange hundre lokale stadnamn på Jøsneset, frå bygdemiljøet, frå skog og hei, og langs kystlinja.  Desse namna er lagt inn i digitale kart, og er å finne på ein kartportal som heiter LOKALNAMN. Det er ein kartportal utvikla av Egil Sølvberg, og som det ligg inne tusenvis av lokalt innsamla stadnamn frå heile Rogaland, og altså òg frå Jøsneset. Du kan zoome inn og ut i kartportalen.

Det kan godt hende det finst mange fleire lokale stadnamn som me enda ikkje har fått inn i kartet.  Dersom du veit om lokale namn som bør inn i kartet, så gi beskjed til Svanhild 97 00 76 36 eller Ingeborg 928 50 297, eller send ein epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

Det er òg printa ut store kart som heng på Grendahuset.  Eller kanskje du ønskjer utskrift av din gard med namna på; ta kontakt. 

Mange av dei lokale stadnamna er òg fresa ut på skilt, og frakta ut i terrenget der namnet er frå.  Så er du ute på tur på Jøsneset, kan det godt hende at du møter på desse fine stadnamnskilta.  På den måten vil stadnamna bli i aktiv bruk, og leve vidare i landskapet der dei høyrer til.

 

Stadnamnprosjektet har generert mykje frivillig arbeid, ikkje minst i forhold til innsamlinga av namna. Det har vore mange gode, lokalkjende informantar som har bidrege med å kartfeste stadnamna, og fleire møter med mange deltakarar undervegs.   Me håpar at det kan dukke opp fleire namn òg i framtida. Ta kontakt, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

FaceBook
Facebook