Nytt frå Strandbuen
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
- Lei av jojoslanking tok Inger Marie grep – nå er hun 30 kilo lettere
- Denne dukket opp i Gandsfjorden – kan komme to steder i Forsand også
Siste nytt
Stemningsfull juletretenning
Laurdag låg julesnøen kvit og fin over Jøsnesbygda Heldigvis hadde stormen stilna før ei nyhogd julegran var på plass foran brannstasjonen.
Hjartestartar
Nå er endeleg hjartestartaren på plass på veggen.
For dei som ikkje allereie har sett den, så heng han på veggen på brannstasjonen til venstre for porten.
Historisk bygdekveld 19.des
Tradisjonen tro: Jøsneset skule lagar alltid til stor bygdekveld før jul - også i år - men i år blir det for siste gong!! Neste år er jo skulen vår blitt historie.
Så til alle på Jøsneset og Jøsenfjorden : Set av kvelden 19. desember - få med deg dette !! Meir info kjem.
Arkivfoto
Brrrr....badeliv i vinterland
Skumringa seig inn over den julekortkledde bygda, månen steig opp på den vinterblåe himmelen, kulda trakk ned gjennom dalen til minus 6 grader....men likevel 6 småtrippande, badekledde Jøsnesbuar hakka hol i isflaket på Kogekjellå - klar for bading !! Flott, mjukt iskaldt snødekke på land - og klar for 1.5 grad i ånå !! Svanhild på Foss var første kvinne uti, og stod ferdigbada med kvit morgenkåpe og vinterstøvletter når resten av badegjengen dukka litt forsinka opp.
Me tenner juletreet
Lørdag 7.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og sal av pølser.
Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17
Faklane kostar kr 50,-
Hjarteleg velkomne store og små!
Bygdarådet
Julebad i Kogekjellå
Det nærmar seg jul, likevel held badinga i 4-graderskulpen "Kogekjellå" på Foss fram som før.....også nå på lørdag blir det bading, og lørdagen etter det:
Helselaget inviterar til festlig juletreff, kaldt julebad og varm julegrøt LØRDAG 14 des!!
Då kjem det også besøk av ein "Nissekar" ud-ante.....hm...kven kan det vere???
Og tør han å bade??
Set av dagen, og følg med : meir info kjem !!
4 grader i Kogekjellå
På an igjen: 31 november, 4 grader i elva..9 stk plaska uti det iskalde vatnet som kjem ovante snødekte Jøsnesheia. Det varma godt med gløgg og solboller etterpå.