Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Still opp på Bygdakveld!
Torsdag 21. november klokka 18:00 inviterer me alle som kan krypa og gå til ein trivelig Bygdakveld i gymsalen!
Stor stemning i Fossånå
Laurdag var det igjen duka for Syden-stemning i kulpen på Foss. Friske symjarar representerte familien Westersjø, med både Sven, Ingeborg og Kristiane. Svanhild Hjorteland var sjølvsagt med, og frå Tonå stilte friskusen Tania. Skiftudalen var spesielt utfordra, men bortsett frå bonden på Bøen befant nok dei øvrige seg foran peisen.
På tross av noko dårleg bildekvalitet, er det tydeleg at både temperatur og stemning var god i badekulpen! Sven sakna ein frisk paraplydrink med isbiter til sigaren; det skal ordnast til neste gong!
Kan hende dette blir ein ny, god Jøsnestradisjon? Still opp neste laurdag klokka 16.00!
Kakesalg for skuletur
10-klassingane frå Jøsneset går nå rundt i bygda og sel kakeboksar. Overskotet av dette salet går til skuleavslutningsturen i juni til England. Nokon har nok allereie fått besøk, medan andre kanskje har besøk i vente. Dei har fordelt bygda seg i mellom og tek sikte på å gå innom til alle. Det er 3 kakesorter, 1 karamellsort og ein boks med gode knekkebrød. Så her skal vere for einkvar smak.....og ryktene går: dei smakar kjempegodt !!
Klar for ny badehelg !
Ny badeseanse i Foss-ånå på Foss laurdag kl 16.00 .....masse buldrande friskt, kaldt heia-vatn ventar på deg
La nå ikkje Fossdalsbuen forbli tøffaste tøffingar på Jøsneset....utfordringa går til resten av bygda !
Skumle skremt...og litt søte!
Denne mørke haustkvelden var det kanskje litt skummelt å vere ute på tur langs vegane i bygda; for då kunne du treffe denne rare gjengen. Uuupps....først blei me litt skremt, men......sjå nå nøye etter: de er visst mest søte og godeeller ka? Iallefall hadde de smilet på lur og liker veldig godt godsaker. Nå kan du jo gjette på kven desse skumlingane kan vere....og så kan du gjette på kva de hadde opp ausekaret sitt som det lang-oransje-håra spøkelset bærer på?
Kroken på døra for Jøsneset skule
Nå er Jøsneset skule formelt nedlagd, med verknad frå neste haust. Dette endelege vedtaket blei i kveld, 30.10.2013, fatta i Hjelmeland kommunstyre, trass i store innvendingar frå Samarbeidsutvalet, Bygdarådet og bygdefolk på Jøsneset undervegs i prosessen.
Møt opp på kommunestyremøtet !!
Oppmodinga kjem frå Samarbeidsutvalet på Jøsneset skule, og gjeld nedlegging av Jøsneset skule som skal opp til endeleg behandling i kommunestyret ONSDAG 30.10.13 kl 17.00. Både Samarbeidsutvalet og Bygdarådet har engasjert seg mot nedlegginga, og har sendt uttalar i saka. Trass i stort engasjement frå bygda, ser det nå ut for at det går mot endeleg vedtak om nedlegging: Saka har gått gjennom både Oppvekstutval og Formannskapet med samrøystes vedtak om nedlegging.
Sakspapira finn de på heimesida til Hjelmeland kommune. Har du ikkje høve til å møte opp "live", kan du følgje kommunestyretmøtet på nett på direkten HER.