Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Lyst å bli med i lesesirkel?
Hausten er ei herleg lesetid !!
Er du glad i å lese bøker ? Har du lyst å prate med andre om bøkene du les? Få tips og idear til bøker du elles kanskje ikkje hadde lest? Utvide bok-horisonten? Ein lesesirkel kan vere tingen for deg då
Ein lesesirkel er ei gruppe leseglade mennesker som møtes med jamne mellomrom for å diskutere og prate om bøker som blir lest. Ein kan bli enige om å lese same boka frå gong til gong, og diskutere ulike syn på den etterpå. Eller ein kan lese ulike bøker og presentere for kvarandre. Her er det ingen fasit !! Det er opp til den enkelte lesesirkel korleis ein gjer det, kor ofte ein møtes, kva bøker ein les, kor ein møtes, kva opplegg ein har osv osv.
Me ønskjer å dra i gong ein lesesirkel på Jøsneset. Har du lyst å bli med; møt opp til uforpliktande samling i TRIVSELSTOVA MANDAG 18. november KL 20.00. Me har ikkje opplegget klart; det blir me enige om når me treffes !!
Berit S.H. og Svanhild H.G.
Ny frisk badedag i Foss-kulpen
Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlege tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania for pingler, Jøsneset for Hardhausar
Barnehagesaka
Saka om barnehagestruktur i Hjelmeland var oppe i Oppvekstutvalet 06.11, les saksframlegg og vedtak HER. Oppvekstutvalet går inn for nybygg og utviding av Årdal og Fister barnehagar, medan barnehagane på nordsida av Jøsenfjorden skal bli to avdelingar under Hjelmeland barnehage. Innspelet frå Jøsneset Bygdaråd (sjå brev i link i artikkel nedanfor) blei ikkje imøtekome. Saka med framlegget frå Oppvekstutvalet går nå vidare til Formannskapet 12.11 og Kommunestyret 20.11.
Konsert med Per Husby
Les meir om Per Husby og sjå heile plakaten HER
Konsert med Per Husby
LES PLAKAT HER
Alternativ ferjedrift
Etter at ferja krasja i ferjelemmen på Hjelmeland i går, onsdag 6.nov, er sambandet vårt ute av ordinær drift. Dette kan pågå ei god stund, i beste fall ut i neste veke, dvs veke 46.. I værste fall 2 veker! NORLED har nå sett opp ferjerute mellom Nesvik-Skipavik-TAU. Rutene finn du HER. Trafikkmeldingar HER. Elles blir det gitt informasjon på radio NRK Lokalen. For passasjerar: Helgøy går med HURTIGBÅT i sambandet til ordinære avgangstider.
Spennande tider for barnehagen
Onsdag 6. november skal oppvekstutvalet i Hjelmeland handsama ei sak om framtida for barnehagane i kommunen. Det er mellom anna forslag om å leggja ned ein av barnehagane enten på Jøsneset eller i Jøsenfjorden!