Nytt frå Strandbuen
- Johan måtte ta grep da butikken ble for trang
- Lossi, husflytting og stilfulle fotballspillere: Dette skjedde i 1990
- Gjentar suksessen med påskerebus på Jøssang – denne gangen kan du vinne premie
- Olav døydde brått – tilbake er ei dotter og bygd i sorg: – Han var ein original alle blei glade i
- Her er oversikten over årets påskekrim
Nytt vedtak i skulesaka
Formannskapet i Hjelmeland behandla saka om nedlegging av Jøsneset skule i møte den 20.08.13. Saka er ei direkte oppfølging av prinsippvedtaket som kommunestyret vedtok i juni, om nedlegging. Formannskapet vedtok samrøystes at skulen skal leggjast ned f.o.m august 2014, i tråd med oppvekstsjefen si tilråding. Les sak og vedtak HER.
Det blir nå ei formell høyring på saka, med frist 16.09.2013, og alle kan ytre si meining. Deretter skal saka behandlast på nytt. Samarbeidsutvalet skal ha møte om saka med det første.
Endra opningstider på Nauste
Melding frå Cesilie: Endra åpningstider på Nauste fom uke 34 dvs mand 19aug. Åpent kvar dag fra 11-19.30
Lokale Tour des Fjords-deltakarar
.......iallefall i barneritt-sykkelløpet i samband med Tour de Fjords-rennet var det lokale sykkelrytterar å sjå; her representert ved Runar og Vebjørn, som sykla i kvar sin klasse. Mange fleire barn både frå Jøsneset, og alle andre bygder i Hjelmeland deltok i barnerittet lørdag morgon, medan proff-syklistane varma opp til 2.etappe av Tour de Fjords mellom Hjelmeland og Forsand.
Nytt premiedryss til Mikal Laks
Nok ein gong blir det stadfesta at den Jøsnesproduserte laksen frå MIKAL LAKS er den beste i Norge! På AquaNor-messa i Trondheim blei premiane delt ut. MiKAL LAKS vant i åpen klasse med "Einerrøykt pepperlaks" og fekk sølv klasse varmrøykt laks Les meir i STAVANGER AFTENBLAD og KYSTMAGASINET
Me gratulerar Mikal og Astrid Fossaa Viga med flotte produkt !!
Foto: Stavanger Aftenblad og Kystmagasinet.
Skulestart torsdag 15 august
Sjølv om kommunestyret har gjort eit prinsippvedtak på at Jøsneset skule skal leggjast ned, så startar skuleåret opp att som vanleg nå torsdag 15.august. Det er 4 elevar som startar opp i 1. klasse.
20. august får formannskapet ei konkret sak på bordet om nedlegging av Jøsneset skule; då det skal tas meir detaljert stilling forholda kring nedlegginga, og det vil nå bli ein formell høyringsprosess jf lovverk for krinsregulering/skulenedlegging.
VINNAR: "Celine dansar heim frå Håvehammar"
Juryen i Jøsneset Ungdomslag har nå avgjort fotokonkurransen "Min Jøsnessommar 2013", og har kåra Andrea Loktu Vasseng (17) som vinnar med dette nydelege fotoet "Celine dansar heim frå Håvehammar". Juryen si grunngjeving: Eit nydeleg stemningsbilete med vakre kontrastar. Dei varme fargane får fram sommarfølelsen her.
Andrea vil få tilsendt eit forstørra print av vinnarbiletet i akrylglass. Juryen i JUL takkar for alle dei gode bidraga.
Me på Jøsnessia gratulerar òg ein masse til Andrea for det herlege vinnarbiletet. Me tar det med i minnet vårt utover den mørke vinteren: bildet av den lettføtte, glade jenta som dansar ut mot sommarkveldssola på Håvehammar. Fantastisk !
Sjå kven som kom på 2. og 3. plass, og kvifor ved å klikk LES MEIR. Der finn du òg alle andre innsendte foto
Solbygda-skiltet på plass
I mange år har Bygdarådet hatt dette flotte skiltet på lur, men no er det endeleg på plass!