Nytt frå Strandbuen
- Politi og ambulanse rykka ut til ulykke
- Fredag barkar Fredrik og Vidar saman i lokaloppgjer: – Ekstra kjekt å møta nevøen
- Slik såg det ut då bussen kjørte seg fast
- Foreldre fortviler over skuleskyssen – denne veka kjørte bussen seg fast
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig
Siste nytt
Nytt turtips - Kleivane
De hugsar kanskje artikkelen frå i vinter, om skogryddingsdugnaden på Kleivane . Ryddinga er utført, og det har opna seg opp ei flott lysning langs den kommunale vegen mot Foss. "Grantunellen" er borte, det er betre sikt for kjørande og "lettligare" for gåande. Eit fint lite turtips er å ta ein ca 100-meters avstikkar ut av hovudvegen, ut på utsiktpunktet på Kleivane. Sjå foto over. Kleivane har gode tradisjonar som sosial møteplass; på berga her har trekkspel i tidlegare tider spelt opp til dans og det har vore bålkos og ungdomstreff. Det forstår me godt: ein nydeleg stad. Finfin liten kveldstur, og kanskje plassen nå får ein renessanse som romantisk treffstad??
Trening for alle
Me fortset med felles trening - Alle som vil; Velkommen i gymsalen tirsdag klokka 20!!!
Fint hvis alle som har kan ta med seg ei treningsmatte.
Hjartemarsj 2015
7.Mai arrangerte me hjartemarsj rundt Nullen og ca 30 vaksne og born møtte opp på arrangementet.
Me hadde hengt opp 20 quiz spørsmål på vegen opp frå parkeringsplassen og mot skuleplassen og ballbingen, så alle vart oppmoda til å svare på. Ingen premiering, men alle fekk flott hjartepins for deltakinga.
Varme ferske lappar, kake og kaffi\saft venta på oss alle då me kom i Trivselstova
sjå bilet frå turen her
Sønd 24 Mai Hardhaus og 3 Nut-tur 2015
Søndag 24 Mai er det Hardhausen og 3 nutstur. Sjå plakat her
Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag
Løypekart og meir informasjon finn de vidare i artikkelen her.
Kongestol ?
Det var ein gong eit furutre ! Det voks på Stien i fred og ro og blei stort og strerkt. Åra gjekk og det blei større og større. Ein flott plass hadde det; med solrik og vid utsikt utover heile Fossdalen. Likevel - ein frisk og vindfull vinterdag gjekk det rektig ille! Vinden sleit og drog i det; og furua blei til ei trasig rotvelte. Her låg ho - midt i gamlestien mellom Foss/Åsland og Fosstemmen, med rota opp og toppen ned. Ingen framtid dette ! Eller ?
Takk for innsats på ryddedag
Takk til alle store og små som stilde opp på ryddedagen tysdag 5.mai i ein forrykande vind ! Langs alle vegar frå Nesvik i sør til Knutsvik og Åsland i nord blei det rydda for søppel. Det blei òg vaska frå golv til tak i Trivselstova, og det blei luka ugras i busk-rabattane på skuleplassen. Så nå er bygda klar for nasjonaldagfeiring ! Bygdarådet spanderte pølser, saft og kaffe til dugnadsfolket, så det blei òg tid til sosial prat.
Arr: Jøsneset Bygdaråd !