Nytt frå Strandbuen
- Fant mengder med tyvegods – er noe av dette ditt?
- Fekk telefon frå svigerson om brannen: – Heldigvis budde det ikkje folk der
- Ønsker å gjøre endringer på noen av bussrutene fra Solbakk
- Dette er lokalfotballens 30 største tenåringstalenter – lokal kar på lista
- Toppleilighet totalskadd – brannvesenet måtte håndtere flere store utfordringer
Siste nytt
Velkommen til Kalvagaren
Ta gjerne ein sommartur til den flotte gapahuken "Kalvagaren" - solid og vakker der den ligg ved Fosstemmen. Dette er eit populært turmål på Jøsneset
Jøsneset barnehage...hei, hei,hei
"....ingen barnehage er som deg" !! Ja, det har bygdefolket sunge taktfast i 17.mai-toget gjennom mange år! Nå har me sunge det òg for siste gong ! Barnehagen blir nå nedlagt fordi det er for få barn i bygda. Men dei 3 jentene som har fullført siste året i barnehagen har gjort det med god stil og har god grunn til å rope HEI HEI HEI.....for dei har vandra sprekt på sti og HEI over stokk og stein i heila bygda dette året - avslutning her på GUNLANUTEN !! Tøffe tøffe Jenter !! ...både dei 3 små ..og dei 2 store
Gladmelding: Det blir to ferjer !
Lokalavisa STRANDBUEN melder at det er avklart: det blir to ferjer i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik ! Les artikkelen HER
Legevaktsak på vent
Legevaktsaka fekk litt ulike utfall då dei blei behandla i kommunestyrene i Strand og i Hjelmeland. I Hjelmeland blei det i saka påpeika at saka hasta, for å få sagt opp avtalen til rett tid. Kommunestyret gjekk då òg inn for saka - rett nok med ein garanti at folk på nordsida av fjorden kan nytte seg av legevakt på Sand på nattestid då ferja ikkje går. Men då Strand kommunestyret behandla saka enda det med at dei utsette behandlinga for å få den meir utgreidd. Les meir i Strandbuen, 19.juni . Bygdarådet engasjerte seg i saka; var på infomøte og sendte to uttalar i saka. Siste uttale til kommunestyret HER
18 JULI - BÅTTUR TIL FØRRE
Me drømmer om stille fjord og nydeleg varm sommar! Kva er vel då betre enn å putre inn fjorden til Førre !
Bygdarådet tek initiativ til fellestur med eigne småbåtar - med bålkos, bading og grilling der inne.
Meir info HER
Velkommen felles jonsokfeiring
Me er på jakt etter materiale til eit flott bål: ta kontakt med Odd Fosså 977 05 273 el Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Meir info om fellesfeiringa her på PLAKATEN. Velkommen frå Helselaget, Bygdarådet og Ungdomslaget:-)