Påskeopent på Nauste
Sola kjem Skjærtorsdag ! Veldig bra då, at me har Cesilie på Nauste på Nesvik: Ho er parat med stativet fullt av årets solbrillenyheter!! Ikkje nok med det ! Ho har fylt opp isdiskane med deilige is-nyhetar frå Hennig Olsen ! Og,ja, masse anna PåskeGodt !! Nauste har opent kvar dag heile påsken frå 10-21 !! wow !!
Påskeavisa kjem likevel !
Alle som kikka i postkassen i dag, onsdag, såg nok at Stavanger Aftenblad ikkje var å finne. Det var ingen aprilspøk, men ein feil !
POSTEN melder at dei tek ekstraturen rundt i postkassane på SKJÆRTORSDAG - så ila formiddagen vil nok den fyldige påskeavisa vere komen i kassen ! Gjeld Jøsneset, Jøsenfjorden....og kanskje fleire? Iallefall oss
Takk til POSTEN for bra påskeservice !
PS: dette er heller ingen aprilspøk !!
Bedehusbasar 1.april
Jøsneset bedehus, onsdag 1. april kl. 19.00
Andakt ved sokneprest Sigrun Hagen Arnesen
Matsal i kjellaren - Kakeutlodning - Vanleg utlodning
Vi treng som vanleg gevinstar til basaren. Alt blir teke imot med takk.
Vel møtt til alle! - Bedehusstyret
Palmebadet unnagjort - God Påske
Palmebadet unnagjort palmelørdag! Dette markerte at vinterens lørdagsbade-sesong i Kogekjellå på Foss er over. Det må vel bety at sommarbadesesongen kan begynne !! Fire, små og store, friske damer plaska uti....og etterpå blei det solboller, kakao og kaffe.
Bruktmarked
Meir info på PLAKATEN
Glødande FIBER
Revygruppa på Jøsneset jobbar på spreng, og påskerevyen er i rute. Det ryktast at det vil gå ein rød fibertråd gjennom årets program, men at det òg vil bli rom for litt lette spark i ulike retningar. Til nå har gruppa spikra saman ti revynummer, så her er det bare å glede seg. Det blir satt opp to forestillingar. Begge på Påskafta, laurdag 4. april. Ei klokka 17 og ei klokka 19.30.
Etterpå spelar Jose Altamirano opp til dans og fest. Tjolabing
Palmebadet 2
Fleire ting som er i ferd med å bli tradisjon her på Jøsneset : nå PALMEBADET ! Dette skjer sjølvsagt på PALME-lørdag, og markerer sesongslutt av vinterens badesesong med eit siste PLASK uti Kogekjellå på Foss ! Det ser ut som at fjorårets vær gjentar seg; surt, vått og blåsande - like guffent til vanns som til lands! Men pyttsann - dagen blir feira med Solboller, kaffe og kakao ---- og så blir det leiting etter påskeegg sjølvsagt ! Velkommen til baderar og til ikkje-baderar ! Boller til alle så lenge beholdningen rekk Kogekjellå, Foss, Palmelørdag 16.00