1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

De hugsar kanskje artikkelen frå i vinter, om skogryddingsdugnaden på Kleivane . Ryddinga er utført, og det har opna seg opp ei flott lysning langs den kommunale vegen mot Foss. "Grantunellen" er borte, det er betre sikt for kjørande og "lettligare" for gåande.  Eit fint lite turtips er å ta ein ca 100-meters avstikkar ut av hovudvegen, ut på utsiktpunktet på Kleivane. Sjå foto over. Kleivane har gode tradisjonar som sosial møteplass; på berga her har trekkspel i tidlegare tider spelt opp til dans og det har vore bålkos og ungdomstreff. Det forstår me godt: ein nydeleg stad. Finfin liten kveldstur, og kanskje plassen nå får ein renessanse som romantisk treffstad??

 

Lysninga opp mot Foss.

Ta heile bygda i bruk  - send oss DITT TURTIPS !! Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook