1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det blei ei tradisjonell, nær og kjær feiring av nasjonaldagen på Jøsneset. Vel, det blei vel ikkje heilt det same utan fana til Jøsneset skule og skulebarna i front bak flaggbæraren i 17.mai-toget. Men toget blei jo flott likevel; med Vebjørn Fosså stødig heilt i tet med sin blåe Ford plenklippetraktor foran brannbilen . Joda, staslig og stilig blei det !

På Jøsneset kjøre me stil !!

Smått er òg godt - Garantert ikkje Norges LENGSTE tog, men HIPP HIPP HURRA og NÅ LIVNAR DET I LUNDAR og SE NORGES BLOMSTERDAL ljoma ut over Skiftudalen som sedvanlig ......

.....og JØSNESET-BARNEHAGE-HEI-HEI-HEI-INGEN-BARNEHAGE-ER-SOM-DEG runga taktfast.......muligens for aller siste gong ettersom barnehagen òg nå er nedlagd.


Joda, han kjøre stil den karen her. Sikkert fleire andre bygder, byar og fjerne nasjonar som kunne tenka seg ein slik reser i front. Men me syns an passe best i Skiftudalen Wink

Jøsneset barnehage : me håpar å sjå fana di igjen i framtidige 17.mai-tog.......for kjem det tilstrekkeleg nye barn til bygda, ja, då kan det vere håp og framtidig liv i barnehagen igjen !

Lokal talar - Henrik Nesvik - utflytta Jøsnesbu, nå busett i Årdal. Han tok utgangspunkt i dåværande kronprins Olav sin tale fredsvåren for 70 år sidan - Me må ikkje gløyme, og ikkje ta friheten for gitt! .... Og avslutta den korte/gode talen med optimistiske framtidsvoner Norge og for småbygda Jøsneset!

Kulturskule-elevane imponerte igjen. Det var fleire både store og små som var framme på scenen, med pianospel, gitarspel og her: Elise og Kristiane saman på fiolin.

Og Sebastian spelte både gitar og song - joda, me har hørt/sett dei alle før - Men dei sluttar ikkje å imponere!!! Flott å følgje slike talentar, og leiar i 17-mai-komiteen Rasin roste dei og gledar seg alt til å høyre meir på de i framtida.

Etter lapskaus, pølser og kaffe var det ut å lea på seg i godværet (ja, for trass i alle stygge værmeldingar, så var det opphald heile dagen). Det var natursti, luftgeværskyting, pilkast, hestesko, konebæring....osv.. Nytt av året var spretterskyting med erter på kaserollelokk. Her Runar, som låg i tet temmeleg lenge.....

...men etter ein spanande finale mellom Sven, Oddvar og Ola, var det Ola som drog i land seieren i ertesprettertskytekonkurransen.

 

Ein annan snodig konkurranse ny av året var vakteleggspyttekonkurranse !  Ja, kjører ein stil så kjører ein stil. Her var det òg tre karar som kjempa i finalen; Jone, Ola og Brahim - ein stilstudie verdt!  Dei spytta og spytta mot målskiva - som var Rasin - og traff og traff den eine etter den andre. Til slutt var det Brahim som la inn vinnarspyttet   Her på Jøsneset blir det jo produsert ein del vaktelegg, så det var nok egg å ta av....og NB - egga var kokte ! 

Takk alle saman for ein flott 17.mai ! Så ligg Skiftudalen atter grøn att; ventar på sol, varme og hoppande, beitande kyr frå Bøen......og lengtar til neste 17.mai når bygdefolket nok ein gong skal gå trallande forbi langs dei grøne enger ! Joda, nasjondaldagferiring i småbygdene er slett ikkje værst SmileSmile

 

 

 

 Alle foto: Svanhild H Gbada

 

 

FaceBook
Facebook