Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Status nutane 19.mai
Bilde av dei tre toppane i 3-nutsturen: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell tyrsdag 19.mai. Det er enda ein god del snø i heia.
Avklarande informasjon om føreforhold og eventuelt endringar i løypetrase for Hardhausen/3.nutstur kjem på FREDAG 22.mai.
Foto: Lene Kaldheim, teke frå Herefjellet
Turstikart
Hugs Hardhaus og 3-nut tur på Søndag 24.mai 2015.
Påmelding i sekretariatet ved Fosstemmen kl 09:00-10:30.
Jøsnesposten i sal på Nauste
32. årgang av Jøsnesposten er nå i sal hos Cesilie på Nauste. Kun få eksemplarer igjen!!
Felles trening ONSDAG
Denne veka blir det felles trening i gymsalen onsdag klokka 20
Det blir styrketrening og kondisjon/intervall. Fint hvis dei som har ei treningsmatte kan ha det med.
Vel møtt!!
Nær og kjær feiring
Det blei ei tradisjonell, nær og kjær feiring av nasjonaldagen på Jøsneset. Vel, det blei vel ikkje heilt det same utan fana til Jøsneset skule og skulebarna i front bak flaggbæraren i 17.mai-toget. Men toget blei jo flott likevel; med Vebjørn Fosså stødig heilt i tet med sin blåe Ford plenklippetraktor foran brannbilen . Joda, staslig og stilig blei det !
Nytt turtips - Kleivane
De hugsar kanskje artikkelen frå i vinter, om skogryddingsdugnaden på Kleivane . Ryddinga er utført, og det har opna seg opp ei flott lysning langs den kommunale vegen mot Foss. "Grantunellen" er borte, det er betre sikt for kjørande og "lettligare" for gåande. Eit fint lite turtips er å ta ein ca 100-meters avstikkar ut av hovudvegen, ut på utsiktpunktet på Kleivane. Sjå foto over. Kleivane har gode tradisjonar som sosial møteplass; på berga her har trekkspel i tidlegare tider spelt opp til dans og det har vore bålkos og ungdomstreff. Det forstår me godt: ein nydeleg stad. Finfin liten kveldstur, og kanskje plassen nå får ein renessanse som romantisk treffstad??