Nytt frå Strandbuen
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
- Strekning på riksveg 13 blir manuelt dirigert i en måned
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland
- En gruppe kommunalt ansatte i Strand får dekket bompenger – har økt rekrutteringen
Siste nytt
Nydelege Nora og Råe Reidar
Stjernene leverte på SMASHING JØSNESET på lørdag !
NORA JABRI : den unge, flotte stjernekampvinnaren med den kraftfulle, nydlege vokalen - ja, verda ligg for Noras føtter !!
REIDAR LARSEN : veteranen med den råe bluesrøsta og drevne pianospelet - som har stadig nye låtar på lur !!
Ulike artistar, ulike sjangrar. Men begge leverte 100 % - begge to hadde fortjent eit litt større publikum - men alle som møtte på konsertane fekk ein flott oppleving av proffe artistar !!
Og når det gjeld været: Hanne Sørvaag la lista i fjor: når stjernene kjem til Jøsneset, då er været på vår side: ein nydeleg, stille, god-temperatur-aften med ein aldeles rå solnedgang med Reidars blå tonar.
Fyldigare reportasje frå den kjekke flotte Smashing dagen kjem når "det ultra-lokale pressekorpset" har kome til hektene att etter alt ståheien ...så følg med folkens !!
Inntil vidare: TUSEN TAKK TIL ALLE DOKKE FESTLEGE GLADE HERLEGE MENNESKER SOM MØTTE OPP - OG "GJORDE DAGEN" !!!!!
Klar for 5-kamp !!
Laurdag 25.juli 5 skal òg "Årets Stut" og "Årets Kvige" kårast!! Den tittelen kan du få ved å delta i 5-kampen på Skiftun kai - Skiftun strand. Start kl 12.00. Det blir : Øksekast, Palle-til-vanns-løp, Pilkast frå is-kar, Vannbæring og Makrell-slengjing. Deltakaravgift kr 50,- Smart å ta med badeklær, tørre håndkle og varme klær.
Det blir òg kåring av "Årets Morellsteinspyttar" - her gjeld det kun om å spytte lengst !! Deltakaravgift kr 50,- som jo inkluderer herlege moreller.
For alle som berre har lyst å kose seg i den flotte Skiftuvika: kom å PADLE I KANOAR - utlånt av Hjelmeland Turlag. Eller ta deg eit friskt bad !!
Mellom 14.00 og 16.00 blir det salg av grillmat !!
Smashing Jøsneset på NRK Lokalen
Sven Gjil Westersjø frå SMASHING JØSNESET var på NRK LOKALEN i dag fredag 24 - høyr innslaget HER. Håpar DU får lyst å komme til oss !
Busstransport
SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK. KR 20,- pr tur/ein veg. Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Takk til sponsor Suldal Billag som stiller buss til disposisjon. Og her finn du ferjerutene Hjelmeland - Nesvik.
Scenen er klar
Scenen er pynta med sommarblomar frå Ryfylke Planter - Ådland gartneri, og alt er klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN.....og sola skin !!!
Båttur Førre: AVLYST
Då klarte YR å knuse draumen om sommarens deilige, varme solskinnstur heile fjorden til endes til Førre!! Med utsikter for 9 grader, regn og litt vind, ville vel turen inn blitt hutrete og gufsen, så Bygdarådet avlyser den planlagde båtturen lørd 18.juli. Kanskje me kan ta det på sparket ein dag/kveld då sola veljer å bli hos oss lengre enn 2-3 timar?. Inntil vidare satsar me på godvær LØRDAG 25 JULI - og Smashing Jøsneset-arrangementet: La oss håpe været er på vår side då !! Still opp folkens !
Status fibernettutbygging
Som de nok kanskje har lagt merke til så er det graving på gang rundt om i bygda - for LYSE sitt fibernett. LYSE har sendt eit infoskriv til kommunen der dei orienterer om status for utbygginga rundt om i dei ulike bygdene i Hjelmeland. Brevet finn du HER