1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

LØRDAG 25 JULI  blir ein smashing flott dag i Solbygda Jøsneset - Masse aktivitetar frå formiddag til langt på natt for alle aldersgrupper.
Mange gode grunnar til å bli og komme til Jøsneset denne dagen !!

Jøsneset Ungdomslag arrangerer Aktivitetsdag på Skiftun kai kl 12.00 - 16.00 - ingen påmelding - bare moro, leik og underhaldande 5-kamp på sjø og land.
Og me kårar Jøsnesmeister i morellsteinspytting. Sal av grillmat under arrangementet.

Så ein liten pause før det brakar laus frå utescenen på skuleplassen - litt lengre oppe i Skiftudalen: Me får besøk av smashing-stjernekampvinnar NORA!

NORA JABRI-KONSERT 18.30 - Stjernå i NRK Stjernekamp 2014
REIDAR LARSEN - KONSERT 20.30 - Kongen av Blues - 18 års aldersgrense, skjenkeløyve vin/øl
Etter konserten blir det fest.
Salg av grillmat under heile arrangementet.

Det blir satt opp buss t/r Nesvik - tilpassa dei mest aktuelle avgangar med Hjelmelands-ferja.
Også buss til siste ferje 00.45 frå Nesvik til Hjelmeland.
Kun 3km frå RV13, Nesvik
Plass for småbåtar ved Skiftun kai :-)
Jøsneset ligg på ei solrikt nes MIDT I HJARTA AV RYFYLKE  - lett å nå frå alle kantar ;-)

Bilettar er lagt ut på Nauste/Nesvik og Enkelbutikken/Hjelmeland!!  Bilettar kan òg bestillast via sms 977 05 273. Til siste konsert/fest det kjøpast billett innan kl 18.30 same kveld !

Følg med her på vår nettside og vår opne side Jøsneset på Facebook for meir informasjon undervegs ! Meir info? Kontakt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Arrangør: Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Ungdomslag med god hjelp frå Jøsneset Helselag og andre flotte frivillige bygdefolk  !!

Me er overvelda av positivt lokalt næringsliv som sponsar vårt arrangement: Takk og takk !

 

 

 

FaceBook
Facebook