Strandbuen heidrar Arthur
Journalist i Strandbuen Magnar Riveland tykkjer det er på sin plass å heidre ein av dei som nå går UT av politikken - den framtidsfokuserte 95-åringen.....ja, sjølvsagt Arthur Westersjø, AP. Les heideren HER. og klikk på bildet så får du høyre Arthur sitt innlegg i siste kommunstyremøte 17.juni - der han fekk tale om ei av dei sakene han har vore svært oppteken av lenge - kommunesamanslåing ! Ein kan vere enig eller ueinig - men han er herleg klar i talen - ikkje sant !!!
La oss feire !!
Alle i bygda inviteres til felles søndagskos på skuleplassen nå SØNDAG 24.august kl 18.00. Me har masse å feire: sola, sommarværet som endeleg kom, skulestart, sjø-fiberkabelen som er på veg inn, nyasfaltert veg, makrellsesongen, bygda vår, oss sjøl og ikkje minst nye tilskudd til Jøsneset !!!....mellom anna den norsk/mexicanske familien som har flytta til Foss . Me fyrer opp bålpannå, og griller og koker kaffe her. Bygdarådet spanderer hamburgerar - resten av grillmat/tilbehør tar dokke med sjøl. Elles blir det private bidrag i form av steikte lappar m/syltetøy og kaker, kaffe/te og saft !! Alt gratis - og ALLE er invitert !!! Me tar dette uformelt og ute på skuleplassen: her er det godt med bord og benker - og ikkje minst BALLBINGE - så me reknar med det blir full fart og stor spenning med fotballkamp der. Leikeapparat for dei miste !! Velkommen til ein koseleg og sosial seinsommardag på tvers av generasjonane i lag med medbygdingane dine !!
Rekord på Fosskrossen
For ein gjeng !!
Mandag var det skulestart, og på Fosskrossen blei det nærast "trafikk-kaos" då alle desse 9 skuleborna frå Foss skulle ta skulebussen. For nå er det ikkje nok med den eine bussen; nei,bussjåfør Andreas frå Jøsenfjorden må svinge utom for å hente nokre av dei, for at alle skal få plass. Her er skulegjengen frå Foss samla på Fosskrossen. Nytt av året er dei 4 skulegutane frå Mexico som har flytta til Foss, saman med mor - slekt av Elisabeth Førre - gutane ute til høgre i bildet. Me ønskjer samtidig familien hjarteleg velkomne til Jøsneset !!! Bravo Foss - nå tronar de òg på nyinnflyttingstoppen på Jøsneset !
Me seier òg BRAVO TIL FOSSÅ !! Nytt av året er dette byggverket - spesialtilpassa dei to skulegutane frå Fosså. I Fossåkrysset har hittil Runar og Vebjørn stått ute og venta på bussen i vær og uvær. Dette hadde Vebjørn ein plan for. På eigenhand har han planlagd og snekra dette buss-skuret! Veldig godt tilpassa bruken: to stolar - ein til Runar og ein til seg. Bord i midten med oppbevaringsrom for......tja,....kanskje Cola..? Polstra seter på kassar - merket "god kvalitet". Torv på taket og brunbeisa.... Og med vindu ut mot verda og vegen for å kunne følgje med på trafikken .
Joda, Vebjørn - du er nr 1 !!
Foto: Sven Westersjø.
Kveldstur til Galleri Hagalid
Torsdag 27.august arrangerer Jøsneset Helselag tur til Galleri Hagalid.
Me organiserer skyss frå Nesvik ferjekai kl 17:30. Me blir møtt av Hanne Sundbø, som vil orientere litt om korleis husa er satt i stand samt fortelje litt om utstillinga, kunst og kunsthåndverk
Flott tursommar !
Turpostane på Jøsneset har hittil i år hatt godt besøk, og aller mest i juli månad !
Bra snegleaksjon
Det var bra frammøte då Silje på Bøen inviterte til snegleaksjon onsdag denne veka. Ho hadde handla inn NEMASLUG og folk strøymde til med spann med sneglar i. Sneglande fekk seg eit bad i Nemaslug-blandinga. Deretter blei sneglebad-blandinga tatt med heimatt i hagane rundt om i bygda, sneglane klipt i to - og blandinga blei lagt ut som åter rundt om. Nok ein gong eit bra initiativ, og det må felles bekjemping til for å bli kvitt plaga. For første gong var det òg observert brunsneglar på Åsland og i Nesvik - Folk herfra møtte opp for å "ta tak" jo før jo heller. Elles blei det god spredning rundt til Fosså, Skiftun og Knutsvik. Me må nok ha nye aksjonar òg framover - men inntil vidare - la oss håpe at me sette ein real støkkar i dei brune sneglane !
Aksjon mot brunsneglar
Ny felles aksjon for å bekjempe brunsneglane !
Møt opp onsdag 5.august klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen!
Slik gjer du: