Nytt frå Strandbuen
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter
- Store forsinkelser i flytrafikken etter stenging av luftrommet i Sør-Norge
- Kommunen frykter at elever skal bli tvunget inn i den offentlige skolen – uttaler støtte til private skoler
Siste nytt
Glødande FIBER
Revygruppa på Jøsneset jobbar på spreng, og påskerevyen er i rute. Det ryktast at det vil gå ein rød fibertråd gjennom årets program, men at det òg vil bli rom for litt lette spark i ulike retningar. Til nå har gruppa spikra saman ti revynummer, så her er det bare å glede seg. Det blir satt opp to forestillingar. Begge på Påskafta, laurdag 4. april. Ei klokka 17 og ei klokka 19.30.
Etterpå spelar Jose Altamirano opp til dans og fest. Tjolabing
Palmebadet 2
Fleire ting som er i ferd med å bli tradisjon her på Jøsneset : nå PALMEBADET ! Dette skjer sjølvsagt på PALME-lørdag, og markerer sesongslutt av vinterens badesesong med eit siste PLASK uti Kogekjellå på Foss ! Det ser ut som at fjorårets vær gjentar seg; surt, vått og blåsande - like guffent til vanns som til lands! Men pyttsann - dagen blir feira med Solboller, kaffe og kakao ---- og så blir det leiting etter påskeegg sjølvsagt ! Velkommen til baderar og til ikkje-baderar ! Boller til alle så lenge beholdningen rekk Kogekjellå, Foss, Palmelørdag 16.00
FIBER !!
Jøsneset Revylag hoppe rundt og "fibrerer" for tida.....og nå inviterar dei store og små, fastbuande og hyttefolk, kvinner og menn, skituristar og ikkje-skituristar, til Påskerevy 2015 : FIBER !!! Det blir to forestillingar, deretter mat/dans/fest - alt i tradisjonen tro !! Vår eigen JOSÈ spelar til dans ! PÅSKEAFTA 4. APRIL - gymsalen. Meir info om alt finn du på PLAKATEN
...ser ikkje vekk frå at det òg kan bli Night-Fiber...
Fasteaksjonen 2015
Tysdag 24. mars gjekk konfirmantane Jakob og Madelen rundt med bøsser til inntekt for Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2015. Dei blei tatt godt imot hjå folk!! Fleire som ikkje hadde kontantar på hus, men berre bankkort, og dei går jo ikkje på bøssene Likevel fekk dei inn 6 510 kroner ! Det var bra. Stor takk til alle !!
Nøklar til skulebygningane
Rasin har fått ein "nøkkelrolle" - bokstaveleg talt. Han samlar inn og lagar oversikt over nøklar til skulebygningane. Har fått god oversikt, men manglar framleis nokre nøklar. Det kan vere at dei ikkje er registrert eller står oppført i andre sine namn. "Etterlysning" : dersom du ein gong i tida har fått tildelt nøkkel til ein av desse bygningane, og ikkje levert tilbake - vær vennleg å ta kontakt med Rasin på 41 41 93 13 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Det er forøvrig Bygdarådet som har ansvar for utlån av lokalene; ifallefall førebels før kommunen får avklart kva som skjer med bygga framover. Det er til tider stor pågang på møtelokaler, så ta kontakt med Unni 404 39 28 for å booke inn.
25.juli - Nora Jabri og Reidar Larsen
Set av datoen 25 JULI for SMASHING JØSNESET!! To konsertar: først Stjernekampvinnar Nora Jabri og deretter Blueskongen Reidar Larsen !! Nora var på Artistgalla 2015 på TV2 lørdagskveld, og her kan du høyre hennar framføring
Hagekveld på Jøsneset
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Hjelmeland Hagelag inviterer ilag til ein inspirerande kveld.